Inviterer til jubileum for Nordsjøfartmuseet

Nordsjøfartmuseet i Telavåg vart offisielt opna sundag 26. april 1998. No, 25 år etter, inviterer leiar for museet, Jenny Heggvik, til jubileum med ny utstilling og jubileumskonsert i slutten av april.

Leiar i Nordsjøfartmuseet, Jenny Heggvik, er klar for jubileumsfeiring - Klikk for stort bileteLeiar i Nordsjøfartmuseet, Jenny Heggvik, er klar for jubileumsfeiring.

Telavåg har ein heilt spesiell plass i norsk krigshistorie. Under den andre verdskrigen var det tett kontakt mellom motstandsrørsla i Noreg og Shetland. Frå Noreg til Shetland var flyktningar frakta  med skøyter. Tilbake kom agentar, våpen og utstyr. Tre ubåtjagarar overtok denne transporten frå oktober 1943.

Tyskarane fekk etter kvart kunnskap om at Telavåg var ein av fleire sentrale bygder som var involverte i Nordsjøfarten. Den 26. april 1942 vart to gestapomenn drepne i ei skotveksling med Kompani Linge-agentar på loftet til Martha og Laurits Telle. Arne Værum vart drepen, Emil G. Hvaal vart hardt såra og seinare avretta på Trandum saman med Lars Telle, sonen til Martha og Laurits Telle.

Som ein hemnaksjon frå den tyske okkupasjonsmakta vart bygningane i bygda brende og jamna med jorda. Alle mennene mellom 16 og 60 år hamna i fangenskap i Sachsenhausen i Tyskland. 31 av desse kom aldri tilbake. Kvinnene og barna vart sende til Storetveit skule og seinare Framnes i Hardanger. Les om Minda Valborg Olsen som i september 2022 fekk Kongens fortenstmedalje og som opplevde livet på Storetveit og Framnes.

Konsert og ny utstilling

Jenny Heggvik håpar at folk nyttar høvet til å oppleva ein kvalitetskonsert med livebandet Real Ones torsdag 27. april. Bandet har fått to spelemannsprisar og har lagt bak seg meir enn tusen konsertar i 15 land.

- No handlar det om å kjenna si besøkstid og få med seg jubileumskonserten, seier Jenny Heggvik. Billettprisen er kr. 350. Her kan du kjøpa billett.

Gjennom desse åra har museet bygd opp fleire utstillingar. I jubileumsåret kan museet presentera ei ny utstilling; «Livet i eksil».

- Alle dei som flykta til Shetland, gjekk inn i ei eller anna teneste for dei allierte. Korleis var det å vera i eksil i ein heilt annan situasjon enn bygda dei reiste frå? Kvifor drog dei og korleis var overfarten? Korleis var livet i eksil, og korleis var det å koma heim igjen? Dette ønskjer vi å få fram i den nye utstillinga, seier Jenny Heggvik.

Driftsleiar Margrethe Kallestad har ansvar gjenstandane til utstillinga. Heggvik har samarbeidd med museumspedagog Joakim Gausland og tekstane i utstillinga. Dei andre som har bidrege til den nye utstillinga er utstillingsdesignar i Prestegård design Anne-Mette Prestegård, grafisk formgjevar Kjersti Hjelmeland Brakstad, handverkar/mekanikar i felleseininga i Museum Vest, Frank Misje og handverkar Museum Vest Kystmuseet Tor Bjørge.

Utstillinga vert offisielt opna i samband med jubileumsarrangementet den 26. april og er open for publikum frå og med 30. april.

Jenny Heggvik er levande oppteken av historie. Ho har historie Hovudfag og pedagogikk og starta den pedagogiske karrieren på vidaregåande skule i Bergen. Seinare vart det lærarpost på Sund ungdomsskule. Ho vart kjend med krigsminnesamlinga på Midtveitkaien i Telavåg som opna i slutten av 1980-åra. Simon Øvretveit og Sund kommune var sentral i utviklinga av denne samlinga og som formidla Telavågtragedien heilt til det siste. Ho starta som undervisningsleiar på Nordsjøfartsmuseet i 1999. Frå 2006 var ho fungerande leiar og har sida 2009 vore leiar av museet.

Så skulle det nye museet fyllast med historie

Nordsjøfartsmuseet vart altså opna den 26. april 1998. Det var stortingspresident Kirsti Kolle Grøndahl som stod for den offisielle opninga. Ordførar og leiar av stiftinga var Albrigt Sangolt. Museumsbygninga kosta 12 millionar kroner der seks millionar kroner var finansiert av staten. Sund kommune og Hordaland fylkeskommune tok kvar sine tre millionar kroner av investeringskostnaden.

- Jobben til den første styraren av museet, Egil Christophersen, var å fylla bygget. Det var ikkje mykje driftsmidlar til dette, og det vart mykje søknadsskriving denne tida, seier Jenny Heggvik.

Som ein konsekvens av omorganisering av museumsdrifta i Noreg ved årtusenskiftet, starta arbeidet med å konsolidera Nordsjøfartsmuseet med andre museum i regionen. I 2005 vart stiftinga Museum Vest skipa der Nordsjøfartsmuseet og Kystmuseet i Oen vart ein del av fellesskapet. Tre år seinare vart Fjell festning den sjette avdelinga i Museum Vest.

Vestland fylke gjev eit årleg driftstilskot til Nordsjøfartsmuseet på 1,8 millionar. Øygarden kommune løyver 350 tusen kroner til drift og 150 tusen kroner til vedlikehald. Museet får også noko statleg støtte. Elles er det billettinntekter, boksal og kafédrift som gjev inntekter til musédrifta. Gjennom dei 25 åra har tusenvis av elevar besøkt museet og fått kunnskap om denne viktige sida av historia vår. Det er fire faste tilsette på Nordsjøfartsmuseet. I tillegg kjem åtte museumsvertar.

Kontakt med Shetland

Gjennom Nordsjøfarten vart det etablert mange kontaktar mellom Telavåg og Scalloway på Shetland. Mange sundsokningar var stasjonerte der under krigen, og sterke band vart knytt i desse åra. I 2001 vart det reist eit minnesmerke i Scalloway til minne om dei 44 personane i Shetlandsgjengen som mista livet i Nordsjøfarten.

Frå signeringa av venskapsavtalen i 2022. - Klikk for stort bileteFrå signeringa av den fornya og utvida venskapsavtalen i 2022.

I 2014 vart det signert ein venskapsavtale mellom Sund og Scalloway der formålet er å fremja samarbeid på felta kultur, idrett, reiseliv og historieformidling der Nordsjøfartmuseet og Scalloway Museum er viktige samarbeidspartnarar. Det nye museet i Scalloway opna 17. mai 2012 av statsminister Jens Stoltenberg.

I juni 2022 vart venskapsavtalen fornya, utvida og underteikna av ordførar Tom Georg Indrevik og Davie Sandison. Det vert også arbeidd med å restaurera slippen i Scalloway. I 1942 besøkte Kronprins Olav slippen, og difor har slippen fått namnet Kronprins Olav Slipp. Gamle Øygarden kommune har løyvd 300 tusen kroner til restaureringa. I tillegg vart det samla inn nesten 300 tusen kroner frå ulike organisasjonar, firma, kommunar og privatpersonar. Den tidelgare kommandanten ved Bergenhus, Åsmund Andersen, og Jenny Heggvik arbeidde med dette.

Besøk frå Shetland

Til ei lukka jubileumsmarkering den 26. april kjem Jim Young og Charlie Grant frå Scalloway Museum. Det vert kransenedlegging ved minnestøtta i Telavåg, talar og opning av den nye utstillinga «Livet i eksil» og snikpremiere av filmen «Englandsfarere». Filmen er produsert av Sanden Media.

Og den torsdag 27. april er det altså klart for konsert med Real Ones. Frå sundag 30. april kan publikum besøka museet med ny utstilling «Livet i eksil». Frå 1. mai til 31. august er museet ope kvar dag.

Tekst og foto: Vigleik Brekke