Inviterer til jobbmesse for flyktningar

Den 14. mai vert det invitert til ny jobbmesse i Øygarden. Målet er å få fleire flyktningar i arbeid. Jobbmessa er eit samarbeid mellom Øygarden kommune, NAV og Vest Næringsråd. 

Frå jobbmessa i 2023 - Klikk for stort bileteFrå jobbmessa i 2023

For å få dette til, er det behov for fleire bedrifter som stiller opp og bidreg til at ein på jobbmessa kan presentera eit breitt og godt tilbod om arbeid til flyktningane.

- Vi har god dialog med Vest Næringsråd, og medlemene der er oppmoda om å presentera seg på jobbmessa, seier prosjektmedarbeidar Ukraina, Kirsten Syljeset.

Også ordførar Tom Georg Indrevik oppmodar bedriftene til å stilla opp på jobbmessa.

- Det er ein vinn-vinn-situasjon dersom bedrifter klarer å skaffa arbeidskraft og flyktningane kjem i jobb, seier ordføraren.

Jobbmessa opnar klokka 13.00. Utstillarane kan koma frå klokka 12.00. Jobbmessa vert arrangert i Grønamyrsvegen 2, Vaksenopplæringa (gamle Lieco)

Les meir på nettsida til Vest Næringsråd.