Friluftslivets år
Kulturminne- og friluftsrådgjevar Julie Berge Westlye seier at komande laurdag vert Friluftslivets år markert rundt om i heile landet. Hovudmålgrupper er barn og unge, dei som ikkje kjenner friluftslivet og dei som ønskjer å vera meir aktive i naturen.
- Saman med fleire frivillige organisasjonar inviterer vi fyr i bålpanner, leikar, konkurransar, grilling på bålpanne, opplæring om fyring og bålreglar, matt og drikke. Aktivitetane på Sotraplassen på laurdag bør du absolutt få med deg. Utover året vil vi markera Friluftslivets år med fleire arrangement i Øygarden, seier Berge Westlye.
Treffet på Sotraplassen den 18. januar startar klokka 12.00.
Mangeårig speidar og langt over gjennomsnittet friluftsinteressert, ordførar Tom Georg Indrevik, er naturlegvis på plass. Han vil heilt sikkert gje gode råd om korleis vi kan fyra og grilla på ein trygg måte i naturen.
Begeistring for naturvennleg friluftsliv
Friluftslivets år vert markert kvart tiande år og er forankra i Stortingsmelding om friluftsliv (2016). Prosjekteigar er Norsk Friluftsliv, fellesorganisasjonen for dei 19 store frivillige friluftslivsorganisasjonane. Målet er å skapa begeistring for eit naturvennleg friluftsliv, og seinka terskelen for å delta.
- Friluftslivets år ønskjer å inspirera deg til å oppdaga og ta vare på nærområdet ditt, invitera andre ut og prøva ut nye friluftslivsaktivitetar, seier Julie Berge Westlye.
Avgjerda om at Øygarden skal delta som kommune i Friluftslivets år er teken av kommunestyret. Det forpliktar kommunen til å leggja inn ekstra innsats for friluftsliv dette året og å delta i konkurransen om å verta Årets friluftslivskommune.
Samarbeidande organisasjonar på startsamlinga laurdag 18. januar er Sotra Øygarden Turlag, Blå Kors-speidaren, Fjell Røde Kors og BUA på Ågotnes.
Les meir om Friluftslivets år her.