Inviterer flyktningar til gratis kino og julegraut

Flyktningar i Øygarden og Askøy vert inviterte til gratis kino og julegraut på julaftan. Også vertsfamiliar til flyktningar er velkomne til arrangementet.

Kirsten Syljeset og Rolf Øvretveit - Klikk for stort bileteKirsten Syljeset og Rolf Øvretveit inviterer til kino og graut på julaftan.

Det er Øygarden kommune og Odeon Kino Sotra som inviterer til julesamling. 

Til vanleg er Odeon Kino Sotra open på julaftan.

- Ettersom 24. desember er på ein sundag, er kinoen stengt denne dagen. Men eg ønskjer at dei flotte lokala kan brukast til noko til glede for flyktningane, seier kinosjef Rolf Øvretveit.

Han kontakta distributør Manymore Films som har produsert den ukrainske filmen MAVKA.

- Ramma for filmen er dei ukrainske skogane. Filmen handlar om kjærleik og venskap. Filmen har ukrainsk tale og norsk tekst. Eg er sikker på at dette arrangementet vert ein fin inngang til jula, seier Øvretveit.
Prosjektmedarbeidar Kirsten Syljeset viser til at Øygarden kommune har busett mange flyktningar dei siste to åra. 

- Barna går på fleire skular, og vi trur det vil vera godt for flyktningane å få ha eit fellesarrangement som dette. Også flyktningar på Askøy vert inviterte til kino og graut i Øygarden på julaftan, seier Syljeset.

Ordføraren og prosten kjem også

Etter at deltakarane har fått servert graut, får dei besøk av ordførar Tom Georg Indrevik og prost Jan Tommy Fosse som også besøkjer fleire institusjonar denne dagen.

- Det er flott at ordføraren og prosten kjem og helsar god jul til deltakarane. Vi håpar at mange vil takka ja til invitasjonen. Det er gratis å delta på arrangementet, men vi skal skaffa nødvendig finansiering. Dersom næringslivsaktørar ønskjer å støtta arrangementet, ta gjerne kontakt, e-post: kirsten.syljeset@oygarden.kommune.no, seier Kirsten Syljeset.

Aldersgrensa på filmen er seks år. Alle barn kan sjå filmen saman med ein vaksen.

Transport

Deltakarane vert bedne om å ta rutebuss til og frå Straume. Ettersom vertsfamiliane også er velkomne til å delta, vil truleg nokre av deltakarane ordna med privat skyss. Dei i Telavåg/Glesvær-området som har bruk for transport til Skogsskiftet (før kinoframsyninga), kan registrera dette i påmeldinga. Tilbod om transport gjeld deltakarar frå Øygarden.

Bussruter

Til Straume

Buss frå Tjeldstø kl. 10.35, ankomst Straume kl. 11.32
Buss frå Eidesjøen kl. 11.02, ankomst Straume kl. 12.00
Buss frå Skogsskiftet kl. 11.40, ankomst Straume kl. 12.00
Buss frå Anglavika kl. 10.47, ankomst Straume kl. 11.00
Buss frå Brattholmen kai kl. 11.19, ankomst Straume kl. 11.29
Buss frå Hjelteryggen snuplass kl. 10.50, ankomst Straume kl. 11.04

Frå Straume

Buss frå Straume terminal kl. 16.03, ankomst Tjeldstø kl. 16.54
Buss frå Straume terminal kl. 15.04, ankomst Glesvær kl. 15.38 og Telavåg kl. 15.54
Buss frå Straume terminal kl. 14.33 og 15.33, ankomst Anglavika kl. 14.42 og 15.42
Buss frå Straume kl. 16.05, ankomst Straume kl. 16.13
Buss frå Straume terminal kl. 15.00, ankomst Hjelteryggen kl. 15.39

Dei som har behov for transport frå Glesvær/Telavåg-området til Skogsskiftet, kan melda dette inn i skjema for påmelding.

Her kan du melda deg på.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke