Innstilt på å overta drift og vedlikehald av Fjell festning

Formannskapet er innstilt på at kommunen overtek drift og vedlikehald av Fjell festning under føresetnad av at Stiftinga Fjell Festning og Stiftelsestilsynet godkjenner overdraging av eigedomane i samsvar med lov om stiftingar (kap. 6, § 45).

Formannskapet var samla til møte onsdag og drøfta framtida for Fjell festning.

Formannskapet slutta seg elles til tilrådinga frå kommunedirektøren om straks å setja i verk ein prosess inn mot aktørane i Fjell festning for å avklara vidare moglege løysingar for samarbeid og utvikling, ansvar, drift og eigarskap for Fjell festning.

I vedtaket i formannskapet onsdag heiter det vidare at prosessen skal bidra til å sikra Fjell festning ein effektiv struktur og nødvendige avtalar i løpet av 2023, og som kan gjelda frå 1. januar 2024. Prosessen vert inndelt i trinn I og eit eventuelt trinn II. Siktemålet for trinn I er å få fram eit grunnlag for at stiftingsstyret sjølv kan fatta eit vedtak med nødvendig fleirtal om den vidare vegen for stiftinga på årsmøtet våren/sommaren 2023. Under føresetnad av vedtak med nødvendig fleirtal i stiftingsstyret (jf. punkt 2) vil trinn II bli sett i verk med sikte på kommunalt eigarskap.

Øygarden kommune skal på lengre sikt setja i gang eit utviklingsarbeid for festningsområdet som kultur- og friluftsdestinasjon for lokalbefolkning, turistar og andre besøkande.

Bakgrunnen for denne saka er at styret i Stiftinga Fjell festning i mai 2022 sa opp samarbeidsavtalen med Museum Vest med verknad frå 1. januar 2024. I saksutgreiinga står det at Museum Vest ser det ikkje som realistisk å inngå ein ny avtale med Fjell festning, men er positiv til ei eventuell kommunal overtaking av eigedomane. Styret for stiftinga har i ettertid presentert ei skisse til samarbeidsavtale med Øygarden kommune som mellom anna inneber oppstart av ein prosess som kan føra til at Øygarden kommune overtar eigedomane til stiftinga og at Museum Vest skal stå for museumsdrifta.

Tok sak om forlik i forsikringssak til orientering

Formannskapet tilrår å ta saka om forsikringssak etter KOFA-gebyr til orientering. Øygarden kommune har inngått forlik med forsikringsselskapet CNA/Hardy og får eit forsikringsoppgjer på 7,8 millionar kroner. Dette utgjer om lag 95 prosent av kravet. Forsikringsoppgjeret med fråtrekk av advokatutgifter – totalt kr 7 300 000 - vert sett av på disposisjonsfondet. Mindretalet på fire (Arbeidarpartiet og Senterpartiet) røysta for at pengane skulle setjast av på eit disposisjonsfond til dekning av moglege framtidige erstatningssaker.

Saka går til sluttbehandling i kommunestyret.

Avklaring om mobilitet og trafikkø

I fjor vedtok formannskapet at administrasjonen skulle følgja opp eit prosjekt knytt til bruk av lokale minibussar og eit framlegg om gratis/redusert pris på kollektivtrafikk i dialog med Skyss og mogleg ordning med «Hjem-jobb-hjem»-modell. I saka konkluderer kommunedirektøren med at det er for lita interesse frå store aktørar i Straume-området for å etablera arbeidsbuss. I saka vert det også vist til at diskusjonen om gratis/redusert pris på kollektivreiser er løfta i styringsgruppa for Miljøløftet og at det ikkje er aktuelt å arbeida vidare mot ei ordning med «Hjem-jobb-hjem,»-modell.

Formannskapet slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren om å ta saka til orientering og be administrasjonen arbeida vidare med å sjå på tiltak for å løysa mobilitetsutfordringar i sentrumsområda i samband med arbeidet med tiltaksplanen til Mobilitetsplan vest og via arbeidet i Miljøløftet.

Det vert teke sikte på å gje ein politisk uttale og at denne vert utforma etter gruppeleiarmøte 8. mai.

Saka går vidare til kommunestyret.

Andre saker

  • Formannskapet slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren om uttale til NOU 2023:3 Meir av alt-raskere (Energikommisjonen). Saka går til kommunestyret.
     
  • Formannskapet tilrår at Øygarden kommune vedtek samarbeidsavtale for Vest brann og redningsregion kommunal oppgåvefellesskap. Det same gjeld samarbeidsavtale for Interkommunalt samarbeid mot akutt forureining Bergen region kommunalt oppgåvefellesskap.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Halvor Skurtveit