Aktuell informasjon

Innspel frå elevar ved barne- og ungdomsskulane

I arbeidet med samfunnsdelen har vi eit særleg ansvar for å sikra at barn og unge vert høyrt. Alle barne- og ungdomsskular i Øygarden har difor hatt høve til å laga ein kort film der dei får seia si meining om korleis kommunen bør utvikla seg framover, og kva vi bør vektlegga. Totalt 12 skular har sendt inn filmar til kommunen, og under kan de sjå og høyra kva barn og unge ved dei ulike skulane er opptekne av.

Våren 2021 handlar det om den politisk medverknad. Politikarane skal bruka drøftingsgrunnlaget og videoane til å utarbeida langsiktige mål og strategiar for kommunen. 

Knappskog skule

Elevane i 5. klasse ved Knappskog skule oppmodar politikarane til å prioritera trygg skuleveg for alle, og å redusera plastforsøpling i havet.

Landro skule

5. klasse ved Landro skuler er oppteken av å ha ein trygg plass å bu og trygg skuleveg. Dei vil ha gode aktivitetar og møteplassar, og å bli involvert i det som skjer i kommunen.

Blomvåg skule

Blomvåg skule ønsker seg eit trygt nærmiljø og eit godt nabolag der ein bryr seg om kvarandre. Dei vil også ha ein skule i nærleiken som dei kan gå og sykla til. Dei er oppteke av å bli involvert og høyrt i saker som påverkar dei.

Stranda skule

Elevrådet ved Stranda skule ønsker seg nye møteplassar som parkar, leikeplassar og kioskar, og at alle skal ha moglegheita til å gå eller sykla til skulen.

Brattholmen skule

Elevar i 4b på Brattholmen skule er oppteken av miljø, og eit rausare samfunn der vi bryr oss om kvarandre, og inkluderer alle. Dei vil ha gode og trygge vaksne rundt seg, både på skulen og i lokalsamfunnet.

Øygarden ungdomsskule

Elevane ved Øygarden ungdomsskule er opptekne av eit godt lokalmiljø med gode aktivitetstilbod, og ein plass dei kan opphalda seg på. Dei ønsker seg eit betre kollektivtilbod i helgene og på kveldstid.

Toftøy skule

Elevane i 2. klasse på Toftøy skule vil ta vare på naturen for å sikra leikeplassar også for barn i framtida. Dei ønsker seg trygg skuleveg, gode leikeplassar på skulen, og moglegheiter for jobb i framtida.

Bjorøy skule

4. klasse i Bjorøy skule ønsker seg trygg skuleveg, betre gangstiar og sykkelvegar.

Hjelteryggen skule

5. trinn på Hjelteryggen skule er opptekne av berekraftsmåla til FN og naturvern/avfallshandtering. Dei er også opptekne av gode fritidstilbod for barn.

Skålevik skule

Elevrådet ved Sund vil ha moglegheiter til å ta høgare utdanning utan å flytta, ta vare på miljøet og fleire festivalar og kulturtilbod. Dei ønsker seg blant anna ungdomsklubbar, betre vegar og eit betre kollektivtilbod.

Sund ungdomsskule

Elevrådet ved Sund vil ha moglegheiter til å ta høgare utdanning utan å flytta, ta vare på miljøet og  fleire festivalar og kulturtilbod. Dei ønsker seg blant anna ungdomsklubbar, betre vegar og eit betre kollektivtilbod.

Tranevågen ungdomsskule

Elevane ved Tranevågen fortel at det er viktig å ha gode fritidsaktivitetar, å kjenna seg trygg og ha moglegheita til å engasjera seg i det som skjer. Dei ønsker seg blant anna eit godt busstilbod, tilgang på gode møteplassar og trygg skuleveg.