Ingen kritiske skadar for bereevna for Dale bru

Vedlikehald, drift og beredskap for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune har gjennomført ein utvida hovudinspeksjon på Dale bru i Blomvåg. I tillegg til visuell inspeksjon er det utført måling av karbonatisering, betongoverdekning og kloridinnhold i betongen.

Dale bru - Klikk for stort bileteDale bru

Konklusjonen frå inspeksjonen er at brua ikkje har kritiske skadar for bereevna per dato. Det går likevel fram av rapporten at det er behov for mekanisk reparasjon av betongen på hovudbjelkar, brudekke, pilarar, slitelag og landkar i løpet av dei to-tre neste åra.

Administrasjonen hadde møte med fylkeskommunen 17. februar der mellom anna Dale bru var på agendaen. Fylkeskommunen uttalte då at det er gjennomført spesialinspeksjon av Dale bru og det er behov for oppgraderingar. Rapporten, som no ligg føre, seier at ein kan ved ulike vedlikehaldsalternativ auka levetida til brua med 10 år (til 2066). Det gjeld tiltak som overflatebehandling av betongen, montering av nye vassavlaup i brudekket og tetting av fuge.

Bilete av vegbana i brua. - Klikk for stort bilete

Bruforvaltar Øyvind Sætra opplyser at fylkeskommunen planlegg ein samlekontrakt for bruvedlikehald for perioden 2024-2026. Det vert utført vedlikehald på Dale bru gjennom denne kontrakten i 2024 eller 2025.

Assisterande kommunalsjef for Kultur og samfunn, Rune Landro, seier at han sjølvsagt har forståing for at folk vert bekymra for tryggleiken når ein ser hol i brudekket og ein har i bakhovudet at bruer faktisk kan kollapsa.

- Samtidig må vi, når det er gjort ein grundig inspeksjon av brua, ha tillit til dei vurderingane som folka til fylkeskommunen har gjort. Frå kommunen si side er vi og opptatt av at brua, sjølv med det vedlikehaldet som er planlagt, ikkje tilfredsstiller dei krava vi har til veg nordover til Energiparken. Vi har derfor utfordra fylkeskommunen på kva dei tenkjer om ei ny bruløysing, seier Landro.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto:  Råmund Skjold