Hugs reglane for bruk av dronar!

Turistsesongen 2023 er godt i gang, og Luftfartstilsynet og politiet ønskjer å formidla viktig informasjon om reglane for bruk av dronar. Turistsesongen 2023 er godt i gang, og Luftfartstilsynet og politiet ønskjer å formidla viktig informasjon om reglane for bruk av dronar.

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIll.foto

Det er reglar og avgrensingar for kvar ein kan bruka dronar og kva tid desse dronane kan brukast. Dette gjeld særleg i naturvernområde og andre sensitive stader.

Her er nokre av reglane:

  • Registrer deg på ydrone.no og ta nettkurs og eksamen.
  • Syt for gyldig forsikring. Dronar er luftfartøy og må ansvarsforsikrast.
  • Unngå å fly over andre personar. Ikkje fly over folkemengder, festivalar, sportsarrangement o.l.

Vér merksam på at ulovleg droneflygning kan straffast med bot eller fengsel, og kan føra til at dronen vert inndregen.

Les plakat på norsk. (PDF, 649 kB)

Les plakat på engelsk. (PDF, 607 kB)


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Faksimile av plakat/Thumbnail