Høgaste fødselstal sidan kommunesamanslåinga

Etter andre kvartal 2023 er vi 39 561 innbyggjarar i Øygarden, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). I løpet av dette kvartalet vart det fødd 124 barn i kommunen.

Foto: Colourbox - Klikk for stort bileteFoto: Colourbox



 

Dette er det høgaste fødselstalet på eitt kvartal sidan vi vart ny kommune. Fødselsoverskotet var på 76 personar, også dette det høgaste sidan kommunesamanslåinga. Fødselsoverskotet utgjorde det største bidraget til folkeveksten på 96 personar i løpet av kvartalet.

Samstundes var det også ny rekord i nettoutvandring på 38 personar i løpet av andre kvartal. Innanlandsk nettoinnflytting var på 58 personar. Totalt sett utgjorde flytting eit tilskot på 20 nye innbyggarar.

Hittil i år har folketalet auka med 193 personar, noko som utgjer ein vekst på 0,5 prosent. Første halvår av 2023 har vekstraten vore høgare i Øygarden enn i Alver (0,17 prosent), Askøy (0,26) og Bergen (0,35 prosent). På same tid har folketalet i Bjørnafjorden auka med 0,75 prosent.


Tekst: Kristina Espeseth
Foto: Colourbox