- Her vert eg sveitt og andpusten

Vi møter Ansgar Haakonsen etter ein god times tid med trening i Sotra Arena torsdag ettermiddag. Ansgar deltek på trening i regi av Friskliv og meistring. I samband med Øygardsveka og Verdsdagen for psykisk helse er det open trening denne dagen.

- Dette er midt i blinken for meg, seier Ansgar Haakonsen - Klikk for stort bilete- Dette er midt i blinken for meg, seier Ansgar Haakonsen.

På treninga møter deltakarane fysioterapeutar og erfarne trenarar som fortel kva ein treng for å koma i gang med aktivitet.

Linn Jeanette Waagbø er koordinator i Friskliv og meistring i Øygarden kommune.

- Det er ingen tvil om at fysisk og psykisk helse heng saman. Fysisk aktivitet gjev betre mental helse. Vi vil gjerne at fleire skal delta på denne typen trening, seier Waagbø.

Ansgar Haakonsen tok ein hjarteoperasjon for eit knapt år sidan. Han var klar for rehabilitering på Haukeland i mars.

- Uheldigvis fall eg og knekte hofteskåla. Eg har gått på rehabilitering i Møllendalsbakken, men det er lang veg og mykje kø. Men på Beste Årgang-samlinga til Øygarden kommune på Rong for kort tid sidan fekk eg tips om denne treninga på Sotra Arena, og her er eg. Dette passar midt i blinken for meg, seier han.

Haakonsen har tenkt å trena to gonger i veka med Friskliv og meistring i eit halvt år framover. Det er utetrening på tysdagar og innetrening på torsdagane.

-Elles må eg få seia at hjelpemiddelsentralen er verd si vekt i gull, seier ein godt nøgd Ansgar Haakonsen før han ruslar heim etter ei ganske krevjande trening.

Trenarar og instruktørar. Frå venstre; Linn Jeanette Waagbø, Tor Espen Mork, Karen Marie Sørensen og Janicke Engebretsen. - Klikk for stort bileteTrenarar og instruktørar. Frå venstre; Linn Jeanette Waagbø, Tor Espen Mork, Karen Marie Sørensen og Janicke Engebretsen.

- Eg var i målgruppa

Torbjørn Fjell Lie (43) fekk ein litt original tilnærming til trening med Friskliv og meistring. Han er medisinstudent på sjette året og har for tida praksis i allmennmedisin i Øygarden. Han har tidlegare teke siviløkonomiutdanning, men er snart ferdig med omskulering i godt vaksen alder.

- Eg ville gjerne hospitera på denne treninga for å få kunnskap om opplegget. Eg oppdaga raskt at eg faktisk var i målgruppa for denne type trening. Eg har vore aktiv fotballspelar i yngre alder, men etter korona-tida har det blitt lite trening på meg. Eg innser at eg treng forpliktande regelmessig trening. Det er lettare å ta initiativ til trening når eg veit at nokon ventar på meg, seier Torbjørn som har praksis på eit legesenter på Straume.

Torbjørn Fjell Lie - Klikk for stort bileteTorbjørn Fjell Lie

I Øygardsveka er det invitert til ei rekkje aktivitetar fram til og med fredag 6. oktober med haustbading med Kjellemann under Rongesundbrua. I Øygardsveka har målet vore å synleggjera at alle treng å høyra til, alle treng å få plass til å vera seg sjølv og alle har ei mental helse å ta vare på.

Det heile starta fredag 29 september med Fyll dagane 2023 og frivilligdagane på Sartor Storsenter. Andre arrangement har vore foreldremesse, temakveld om avhengigheit og kunsten å vera tenåringsforeldre.

Haustbading

Og fredag morgon var det morgonbading under Rongesundbrua. Kjellemann i Radio 5000 Bergen fekk med seg mange til å ta ein dukkert.

Sjå bilete her:

Bading under Rongesundbrua - Klikk for stort bilete
Bading under Rongesundbrua - Klikk for stort bilete
Bading under Rongesundbrua - Klikk for stort bilete
Bading under Rongesundbrua - Klikk for stort bilete
Bading under Rongesundbrua - Klikk for stort bilete
Bading under Rongesundbrua - Klikk for stort bilete

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: 
Tor Espen Mork og Vigleik Brekke