Helsefellesskap i vest har samla seg om strategien

På partnarskapsmøtet tidlegare i februar var sentrale helseaktørar i bergensområdet samla for å trekkja dei lange linjene.
- Eg er spesielt nøgd med at partnarskapsmøtet har samla seg om ein ambisiøs og tydeleg strategi for den vidare utviklinga av både samarbeidet og helsefellesskapet, seier leiar av strategisk samarbeidsutval for helsefellesskapet, Johnny Breivik til helse-bergen.no.
 

Frå partnarskapsmøtet 15. februar

Øygarden kommune er ein del av helsefellesskapet i bergensområdet. Johnny Breivik, som til dagleg er kommunedirektør i Øygarden, seier at dette er ein viktig milepåle i arbeidet med å førebu oss til morgondagens utfordringar.

Målet med helsefellesskapet er å utvikla best moglege helsetenester til pasientar på tvers av sektorar. Det krev at kommunar og sjukehus er samde om kven som har ansvar for kva i samarbeidet om pasienten. Eit samarbeid som er under stadig utvikling.

På partnarskapsmøtet i helsefellesskapet 15. februar  2024, var det samla aktørar frå Haraldsplass diakonale sykehus, Betanien sykehus, Voss DPS, NKS Bjørkeli, NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus, Solli DPS og Haukeland universitetssjukehus og dei samarbeidande kommunane. 

Les meir her.