Heile konsernet er no miljøfyrtårnsertifisert

Fredag overrekte ordførar Tom Georg Indrevik Miljøfyrtårnsertifikat til Smith Stål i Øygarden. Smith Stål er ISO-sertifisert og mange av krava til Miljøfyrtårn var i utgangspunktet på plass.

Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, dagleg leiar Smith Stål Bergen, Frank Brandhaug og Ole Petter Berland (avdelingsleiar armering) - Klikk for stort bileteFrå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, dagleg leiar Smith Stål Bergen, Frank Brandhaug og Ole Petter Berland (avdelingsleiar armering).

Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.

Smith Stål i Øygarden er ein del av E.A. Smith som har ei historie heilt tilbake til 1869. Konsernet presenterer seg ved å visa til at selskapet kjenner ansvaret sitt og jobbar konkret og aktivt for å redusera utslepp og å finna berekraftige løysingar med reell effekt, lokalt og globalt. 

Konsernet har ein omsetnad på 4,6 milliardar kroner med totalt 900 tilsette. I Øygarden er det stålavdeling (grossist, kapping og skjering) på kaien på Søre Straume og armeringsavdeling i eige lokale langs Smålonane. I Øygarden er det vel 30 tilsette. Smith Stål har mellom anna levert stål til Hywind Tampen-prosjektet og Northern Lights. 

Gruppe i møterom. - Klikk for stort bileteOverrekkinga vart markert med kake.

- Selskapet har avtale om å levera 22 tusen tonn stål til Sotrasambandet. Dette svarar til tusen tonn pr. månad fram til 2027, seier dagleg leiar i Smith Stål avdeling Bergen, Frank Brandhaug.

Lokalt ligg omsetninga på om lag 300 millionar kroner. I 2022 hadde selskapet eit solid resultat, medan 2023 var eit krevjande år, og driftsresultatet var negativt i alle forretningsområda.

- Men vi ser positivt på utsiktene framover. Aktiviteten har teke seg opp, seier Brandhaug.

Avdelinga armering. - Klikk for stort bileteAvdelinga armering.

Når dei to avdelingane i Øygarden har fått si sertifisering, har alle avdelingane i E.A. Smith fått på plass Miljøfyrtårn. Tiltak utover strenge krav i ISO-sertifiseringa er mellom anna betre kjeldesortering og optimal utnytting av transport. Selskapet har kjøpt inn to elektriske lastebilar.

- Miljøfyrtårnsertifisering er viktig. Dette er mellom anna viktig å ha på plass i samband med offentlege anbod, seier avdelingsleiar Ole Petter Berland. 


Tekst og foto: Vigleik Brekke