Har funne fleire meldingar som ikkje kom fram

Øygarden kommune har funne totalt ni meldingar/dokument frå politiet som ikkje kom fram slik dei skulle.

I går melde Øygarden kommune om at det var fire meldingar knytt til barnevernet frå 2021 til 2023 som var merkte uleste i Altinn.

I dag (12. juli) har Øygarden kommune teke ein manuell gjennomgang av alle meldingane frå denne perioden, for heile organisasjonen, og funne totalt ni uleste meldingar frå politiet, inklusive dei fire meldingane vi melde om i går. Sju av desse meldingane skulle til barnevernet. Dei siste to meldingane er knytt til andre typar tenester.

Fungerande kommunedirektør Anne-Merete Vabø Haugane opplyser at kommunen i løpet av dagen (12. juli) har fått oversendt også dei siste fem meldingane/dokumenta på nytt.


Tekst: Vigleik Brekke