Håpar mange melder seg på speed date

Den 14. mai samlast mange arbeidsivrige deltakarar på jobbmessa i Øygarden. 
- Eg håpar eg kjem i kontakt med mange aktuelle kandidatar på speed date, seier Jeanett Marthinussen i kompetanse- og bemanningssenteret i Øygarden kommune.

Jeanett Martinussen - Klikk for stort bileteJeanett Martinussen

Målet med jobbmessa er å få fleire flyktningar i arbeid. Jobbmessa er eit samarbeid mellom Øygarden kommune, NAV og Vest Næringsråd. 

For å få dette til, er det behov for fleire bedrifter som stiller opp og bidreg til at ein på jobbmessa kan presentera eit breitt og godt tilbod om arbeid til flyktningane. Fleire bedrifter møter opp og presenter seg og har som mål å koma i kontakt med flyktningar som vil i jobb.

- Vi har behov for folk i Helse og velferd og Oppvekst. Det gjeld både på institusjonar, heimetenesta, tilbod for menneske med nedsett funksjonsevne, barnehage, skule, skulefritidsordning og ungdomsfritidsordning, seier Jeanett Marthinussen.

Møt opp på jobbmessa i Grønamyrvegen 2 (Vaksenopplæringa (gamle Lieco) tysdag 14. mai kl. 13.00. (Utstillarane kan koma frå kl. 12).

Les meir på nettsida til Vest Næringsråd her.

Har du spørsmål, eller er interessert i å ha stand på Jobbmessa for flyktningar? 

Kontakt:

Kirsten Syljeset
Øygarden kommune
E-mail: kirsten.syljeset@oygarden.kommune.no
Tlf: 900 23332

Ruben Misha Ellingsen
Nav Øygarden
E-mail: Ruben.Misha.Ellingsen@nav.no
Tlf: 949 87142