- Handballfest er umogleg utan kommunen og frivillig innsats

Sjølv om Noreg tapte herrelandskampen mot Danmark i Gjensidige Cup torsdag kveld, var stemninga på topp i ein fullsett Sotra Arena.
- Vi har arrangert 25 internasjonale kampar i Sotra Arena. Det er ikkje mange som kan skilta med noko slikt, sa seksjonsleiar for spel og trening i Håndballforbundet, Tryge Johnsen, då han helste til inivterte gjester. 

Med fullsett tribune var det elektrisk stemning opningsdagen i Gjensidige Cup. - Klikk for stort bileteMed fullsett tribune var det elektrisk stemning opningsdagen i Gjensidige Cup.

Gjensidige Cup held fram med to kampar på laurdag og to på sundag. Noreg spelar laurdag mot Nederland klokka 16.45 og mot Spania sundag klokka 16.45. Gjensidige Cup er ei viktig oppkøyring for landslaget i forkant av EM i Berlin i januar. Nasjonane Danmark, Spania, Nederland og Noreg representerer det ypparste vi har av internasjonal handball. Opningskampen mellom Spania og Nederland enda 39-28.

Johnsen delte ut blomar til ordførar Tom Georg Indrevik og Grethe Bergsvik som på vegner av administrasjonen har «drege lasset» når det gjeld internasjonale kampar i Sotra Arena.

- Det er umogleg å gjennomføra ei slik turnering utan den frivillige innsatsen frå Sotra Sportsklubb og bidraget frå kommunen. Det er ein kamp mellom arenaer og byar om å få slike turneringar. Utan ein kommune som går framfor og har lyst til dette, er det umogleg å få det til, sa Trygve Johnsen som såg fram til at 12 tusen publikummarar skal få med seg dei seks kampane i turneringa.

Tom Georg Indrevik og Trygve Johnsen. - Klikk for stort bileteTom Georg Indrevik og Trygve Johnsen.

Ordførar Tom Georg Indrevik sa at det er rørande å sjå dei små som engasjerer seg og viser ei stor glede over å få vera med på dette.

- Eg takkar for at de legg slike arrangement til Sotra Arena. Trygve Johnsen fortener stor applaus, sa ordføraren som også var takksam for den store frivillige innsatsen frå Sotra Sportsklubb.

Dagleg leiar i Sotra Sportsklubb, Dan Christensen, opplyser at 200 frivillige frå Sotra Sportsklubb, inklusive «innløparar», har bidrege til at Gjensidige Cup kunne gjennomførast.

- Eg er svært takksam for den store innsatsen frå dei frivillige. Det som oppmuntrar ekstra er at dei gjer dugnaden med smil og velvilje. Eg opplever at arrangementet den første dagen har gått knirkefritt. Vi gjennomførte transporten mellom Kystbygarasjen og arenaen på ein litt annan måte enn før. Det fungerte fint, og i løpet av 25 minutt etter kampen hadde bussane frakta 1 100 publikummarar frå Sotra Arena til garasjen, seier Dan Christensen.

Her er fleire bilete:

Frå kampen - Klikk for stort bilete
Frå kampen - Klikk for stort bilete
Frå kampen - Klikk for stort bilete
Frå kampen - Klikk for stort bilete
Frå tribunen - Klikk for stort bilete
Oppstilling før kampstart - Klikk for stort bilete
Spelarar frå Sotra Handball bar inn flagg før kampen. Her er dei saman med ordførar Tom Georg indrevik. - Klikk for stort bilete
Grethe Bergsvik og Trygve Johnsen - Klikk for stort bilete
Trygve Johnsen og Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Kø for å få autograf. - Klikk for stort bilete
Mange ville ha autografar frå dei norske spelarane. - Klikk for stort bilete