Han vert sjefen for Oppvekst

Marius Flesland Sylta (36) er tilsett som kommunalsjef for Oppvekst. Han er utdanna jurist og har leiarerfaring frå NAV og som stabsleiar for innkjøp og prosjekt i kommunen. Den siste tida har han vore konstituert i stillinga som kommunalsjef for Oppvekst.

Marius Flesland Sylta - Klikk for stort bileteMarius Flesland Sylta Vigleik Brekke

- Eg er trygg på at vi i Marius får ein samlande, god og utviklingsorientert leiar for eit viktig fagområde, seier kommunedirektør Johnny Breivik.

Kommunalsjefsområdet for Oppvekst består av barnehagar, skular, vaksenopplæringa, PPT, barne- og familietenesta og barnevernet, totalt om lag 1 200 tilsette.

- Eg er glad og stolt over å få jobben som kommunalsjef. Eg ser fram til å vera med på å vidareutvikla kommunen og oppvekstområdet saman med alle våre dyktige tilsette. Her er det viktig med samhandling både innan Oppvekst-feltet og med dei andre kommunalsjefområda. Som konstituert kommunalsjef har eg fått kunnskap om kommunalsjefområdet. Det har gitt meg motivasjon til å gå inn i denne oppgåva, seier Marius Flesland Sylta.

Kommunedirektør Johnny Breivik seier at det meldte seg fleire solide kandidatar til stillinga og at det har vore ein grundig prosess for å landa tilsetjinga. Det er mellom anna nytta rekrutteringsbyrå til å gjennomføra både personlegdomstestar og referansesjekkar.

- Marius har på kort tid opparbeidd seg solid fagkompetanse innan feltet. Han har stor tillit i organisasjonen og viser evne til å sjå det store biletet, framhevar kommunedirektøren.