- Gratulera med dagen!

Fjell kyrkje er 150 år. Det har vore feira ei heil veke. Høgdepunktet vart lagt til sundag 29. september. Sokneprest Per Hjemdal kunne ynskja velkomen til felles jubileumsgudsteneste for alle dei fem kyrkjesokna i Øygarden. 

Jubileumskoret saman med Sotra Reviderte og Øygarden kyrkjebrass stod for musikalske innslag. - Klikk for stort bileteJubileumskoret saman med Sotra Reviderte og Øygarden kyrkjebrass stod for musikalske innslag.

Rehabilitert

I tida før 150-års jubileet har det vore gjennomført eit omfattande rehabiliteringsarbeid. Kyrkjelyden kunne ta sete i ei meir innbydande og lysare kyrkje. Deformasjonar i taket er retta opp, berande konstruksjonar er reparerte, taket er lagt om (skifer og kopar), bygget er fuktsikra, mange vindauge er rehabiliterte, fasadar er rehabiliterte og måla, og roteskadd trevirke er skifta ut. I tillegg er det etablert ny løysing for oppvarming.

Her kan du lesa meir om rehabiliteringa av Fjell kyrkje, Sotra Reviderte og Øygarden kyrkjebrass.

- Takk til dei frivillige

Ordførar Tom Georg Indrevik haldt gratulasjonstale der han gratulerte med dei 150 år – i nyoppussa bygg. Ordføraren sa at han var stolt og glad over at kommunestyret og kommunen prioriterte dette samarbeidet.  

Ordføraren siterte kommunen sin samfunnsplan som seier  «Vi skal legga til rette for å ta vare på den kristne kulturarven» og trakk fram at kyrkja er viktig og ei avgjerande del av Øygarden. 

- Eg vil nytta anledninga til å takka all de som arbeider og deltar i det frivillige arbeidet i kyrkjene våre. Utan dykk hadde vi hatt eit langt fattigare samfunn.  


Foto: Kjell Andersland
Tekst: Kenneth Sangolt