Gler seg over plan for Skogsskiftet

Leiar i utval for plan, Svein Otto Jacobsen, har snakka om detaljreguleringsplanen for Skogsskiftet på nesten kvart møte i utvalet dei tre og eit halvt åra han har vore leiar. No tilrår utvalet at detaljregulering for Skogsskiftet sentrum vert godkjent. I tilrådinga til kommunestyret er det lagt inn endringar knytt til rekkjefølgje og føresegn.

Svein Otto Jacobsen gler seg over at planen er klar for sluttbehandling i kommunestyret. - Klikk for stort bileteSvein Otto Jacobsen er glad for at planen er klar for sluttbehandling i kommunestyret.

Det vart altså gjort nokre endringar på innstillinga frå kommunedirektøren då utvalet behandla saka torsdag, men utvalsleiaren gler seg først og fremst at planen no er klar for sluttbehandling i kommunestyret.

- Dette er ein kjempefin plan, og det gjort eit godt arbeid frå administrasjonen. Sjølv om det er nokre enkeltpunkt utvalet ser ulikt på, er heile utvalet glad for at planen no er klar for å behandlast i kommunestyret, seier Jacobsen.

Eit framlegg frå Michael Sangolt (H) på møtet i utvalet torsdag om å tillata handelsareal, kontor og lager opp til to tusen kvadratmeter vart tilrådd med 10 mot eí røyst (SV). Dette inneber ein auke på tusen kvadratmeter i forhold til dagens storleik.

Med sju mot fire røyster (Ap, Sp og SV) vart det tilrådd at rekkefølgjekravet til vegtiltaket av nedskalert løysing for fylkesveg 560 må vera sikra økonomisk og starta opp før det vert gjeve bruksløyve til andre utbyggingar og oppgraderingar i området. Det vart også tilrådd at administrasjonen straks set i gang det vidare arbeidet med utbyggingsavtale slik rekkefølgjekrav kan sikrast økonomisk. Dette arbeidet må ein ta sikte på å vera ferdig med innan utgangen av 2023. Her kan du lesa forslaget med grunngjeving. (PDF, 91 kB)

Langs fylkesvegen er det lagt inn tre rundkøyringar. Bilete av vegen no. - Klikk for stort bileteLangs fylkesvegen er det lagt inn tre rundkøyringar i Skogsskiftet.

Finansiering frå Miljøløftet

- I tilrådinga til kommunestyret går det fram av vi ønskjer rekkjefølgjekrav mot bruksløyve og ikkje mot igangsetjing. Vi trur at dette kan skapa endå større interesse frå utbyggjarane. Det er elles viktig å finansiera prosjektet. Det ligg inne 70 millionar kroner frå Miljøløftet. Resten vonar vi kan finansierast gjennom utbyggingsavtale med private aktørar, seier Jacobsen.

Planen detaljerer framtid arealbruk for kommunedelsenteret Skogsskiftet. Planen var ute til høyring i 2019 og fekk motsegn frå Statens vegvesen. Planen var på ny høyring vinteren 2021/2022 og er omarbeidd på fleire punkt, og det er funne løysing på alle motsegnspunkta.

I planen er det lagt inn tre rundkøyringar; i krysset mot Kallestad, i hovudkrysset i Skogsskiftet og ved Circle K-stasjonen i sør.

- Vi får trafikksikring, miljøgater, ope torg, nytt senter og private utbyggingar for å nemna noko. Med denne planen er det skapt grunnlag for å setja i gang med ulike private utbyggingsprosjekt, seier utvalsleiaren

I planområdet er det no fleire private og offentlege tenestetilbod som bibliotek, kjøpesenter, daglegvarehandel, bensinstasjonar, brannstasjon, helsetilbod, omsorgsbustader, sjukeheim, barnehage, kollektivterminal og bussparkering.

Utvalet behandla fem klagesaker på møtet torsdag.


Tekst og foto: Vigleik Brekke