Gjennomslag i første av fire tunnelar Sotrasambandet

Den 24. april var det gjennomslag for det nordlege løpet av Kolltveittunnelen. Dette skjedde 10 månader etter at første salve vart avfyrt på vestsida av Kolltveit.

Bilete syner tunnelmunninga mot aust i det søndre løpet av Kolltveittunnelen, mot Bildøyna - Klikk for stort bileteBilete syner tunnelmunninga mot aust i det søndre løpet av Kolltveittunnelen, mot Bildøyna.

Gjennomslaget i det nordlege løpet skjer eit lite halvår før fristen i OPS-kontrakten med Statens vegvesen. Prosjektsjef i Statens vegvesen Lene Sælen Rivenes er nøgd med å kunna markera gjennomslag allereie no.

— Det er stor stas å feira gjennomslag i den første av totalt fire vegtunnelar på nytt Sotrasamband. Sjølve gjennomslaget fekk vi onsdag føremiddag i 11.30-tida, men feiringa og kaka tok vi i dag.  Arbeidet med  å sprengja ut ny Kolltveittunnel har gått føre seg utan problem eller forseinkingar, noko vi er svært glade for, seier prosjektsjefen. 

Den første sprenginga for tunnelen vart gjennomført 23. juni i fjor. Ifølgje kontrakten med Statens vegvesen var fristen for gjennomslag 10. oktober i år.

— Driving av Kolltveittunnelen har gått etter planen, med godt samarbeid mellom Sotra Link Construction som hovudentreprenør, og LNS som underentreprenør. Vi synest det er moro å nå milepåle 2 nesten eit halvt år før tidsfristen sett av Statens vegvesen, seier Christopher M. Bjerke, prosjektleiar i OPS-selskapet Sotra Link på nettsida til Statens vegvesen og Sotra Link. 


Tekst: Vigleik Brekke
 Foto: Karoline Rage/Statens vegvesen Statens vegvesen