Georg Indrevik er død

Fredag 23. juni kom meldinga om at Georg Indrevik er død, 83 år gamal. Georg Indrevik var politisk engasjert både kommunalt, fylkeskommunalt og nasjonalt.

Georg Indrevik - Klikk for stort bileteGeorg Indrevik

Georg Indrevik (f. 1939) har fleire periodar bak seg i kommunestyret i gamle Fjell. I perioden 2007 til 2011 var han varaordførar for Framstegspartiet. Han har også representert partiet på fylkesplan. I perioden 2005 til 2009 var han første vararepresentant for Hordaland Frp på Stortinget, og i perioden før var han femte vararepresentant.

Indrevik var ein jovial, tydeleg, engasjert og kunnskapsrik politikar. Han var oppteken av at kommunen skulle ha eit godt tenestetilbod og at det skulle vera lett å koma i kontakt med politikarane og administrasjonen i kommunen. Han arbeidde også for at innbyggjarane skulle ha godt innsyn i dei offentlege prosessane.

Georg Indrevik var far til noverande ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland