Geitvika friluftsområde offisielt opna

Geitvika friluftsområde på søre Straume hadde ein fin dag på søndag 23. april, då det var offisiell opning. Været la om i siste liten. Ikkje ei regndrope, og sola gløtta på alle dei rundt om 140 frammøtte. Store og små kunne gle seg over eit flott anlegg. 

Ordførar Tom Georg Indrevik opnar friluftsområdet i Geitvika - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik opnar friluftsområdet i Geitvika

Dei som har vore med og fått dette til held talar: Vestland fylkeskommune, Bergen og Omland Friluftsråd, Soli Eigedom AS, Hjartøy Entreprenør og Øygarden kommune. Ordførar Tom Georg Indrevik skar til slutt over snora og då var anlegget offisielt opna. 

Det vart servert kaffe, brus og grillpølser. Det var tilbod om kanopadling og tur på fjorden med Boffen, arbeidsbåten til Skjærgårdtjenesten.

Det er eit stort friluftsområde med universell utforma gangveg ned til sjøen. Handikapparkering og universelt utforma toalett (type utedo) er ved inngangen til området. Det er støypt ei rampe ned i sjøen slik at alle kan få bada. To langgrunne sandfjører, avtrappa natursteinsmurar, grindabygg og bord og benkar. 


Tekst og foto: Kjell Andersland

Fotogalleri frå opninga
 

Geitvika friluftsområde offisielt opna - Klikk for stort bilete
Tale ved Åge Landro, tidlegare leiar i Bergen og Omland Friluftsråd - Klikk for stort bilete
Tale ved Dag Seter, Bergen og Omland Friluftsråd - Klikk for stort bilete
Tale ved June Indrevik, Vestland fylkeskommune - Klikk for stort bilete
Tale ved Petter Hellevik, Soli Eigedom AS - Klikk for stort bilete
Tale ved Leidulf Ove Hjartøy, Hjartøy Entreprenør - Klikk for stort bilete
Tale ved ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Ordførar gir kommunevimpel til Bergen og Omland Friluftsråd - Klikk for stort bilete
Frå venstre; Johannes Kobbeltvedt, Lars Olav Hjartøy, Leidulf Ove Hjartøy, Wenche Snekkevik, Ole Jan Gavlen, Petter Hellevik, June Indrevik, Dag Seter, Tom Georg  Indrevik, Åge Landro - Klikk for stort bilete
Geitvika friluftsområde offisielt opna - Klikk for stort bilete
Tur med arbeidsbåten til Skjærgårdtjenesten - Klikk for stort bilete
Publikum fekk låne kanoar - Klikk for stort bilete
Publikum fekk låne kanoar - Klikk for stort bilete
Geitvika friluftsområde offisielt opna - Klikk for stort bilete
Geitvika friluftsområde offisielt opna - Klikk for stort bilete
Geitvika friluftsområde - Klikk for stort bilete
Informasjonstavle i Geitvika friluftsområde - Klikk for stort bilete
Skilt på grindbygget i Geitvika - Klikk for stort bilete

Historikk

Arbeidet med Geitvika friluftsområde starta i åra før 2002. Då vart den første servituttavtalen inngått mellom Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) og dåverande grunneigar Martha Ebbesvik.

I dag omfattar Geitvika i alt fem eigedomar (parsellar). To er eigd av Øygarden kommune, to av Miljødirektoratet og den siste fekk BOF i gåve av Soli Eigedom AS. Alle parsellane er no «statleg sikra». Det inneber at området vert sett på som særleg verdfullt med tanke på friluftsliv.

BOF kunne endeleg starta prosjektering av sjølve utbygginga i 2017. Då vart ny reguleringsplan godkjent. Arbeida starta for alvor i 2018/19. BOF og kommunen brukte ABO Plan og Arkitektur AS til prosjektering, byggesøknad, tilbodskonkurranse og prosjektoppfølging.

Hjartøy Entreprenør AS vann konkurransen. Dei har med sine underleverandørar hatt hovuddelen av tilrettelegginga med bl.a. parkeringsplass, tilførselsveg, amfi, baderampe og grindverksbygg. To hytter og eit naust er rivne. BOF har og tatt del med sine eigne mannskap, som har utført skogrydding og naturskjøtsel. 

Erverv av eigedomar og kostanden med tilrettelegginga er finansiert av Staten v/ Miljødirektoratet, Øygarden kommune, Vestland fylkeskommune og BOF.

Tekst: Dag Seter, Bergen og Omland Friluftsråd