Frårår framleis å bada ved Kårtveitpollen

Den siste prøven av vatnet i Kårtveitpollen (måndag 6. juli) viser betring samanlikna med prøven som vart teken ei veke tidlegare. Verdiane av avføringsbakteriar er likevel litt for høge til å tilrå bading i Kårtveitpollen.

Kårtveitpollen - Klikk for stort bileteKårtveitpollen Kjell Andersland

Difor tilrår miljøretta helsevern (Bergen kommune) framleis å frårå å bada i Kårtveitpollen. Det vart teke ny prøve onsdag 8. juli. Det er venta svar på prøvane komande fredag. Vi vil då gje oppdatert informasjon.

Skogavatnet 

Denne badeplassen ligg like ved Sotra Arena. Smittevernoverlege og assisterande kommuneoverlege Bjørg Møllerløkken seier at det ikkje lenger vert teke prøvar av Skogavatnet. 

- Generelt vi vi frårå å bada i dette vatnet. Det er gode alternativ i nærleiken, til dømes Geitvika, seier ho.

Her er informasjon om badeplassar i Øygarden.