Frårår framleis å bada i Skogavatnet

Resultata av nye vassprøvar av Skogavatnet ved Sotra Arena er noko betre enn det som prøvane viste på måndag, men framleis er E. coli-verdien for høg til å tilrå bading i vatnet.

Prøvetaking av Skogavatnet.  - Klikk for stort biletePrøvetaking av Skogavatnet. Miljørettet helsevern, Bergen kommune

Kommuneoverlege Stein-Inge Stigen seier at av den grunn opprettheld kommunen rådet om å frårå bading i Skogavatnet. Dette er eit råd og ikkje eit forbod om bada i vatnet.

Det vert teke nye prøvar på torsdag. Prøveresultata er klare over helga.

Les meir om kontroll av badevatn her.