Frårår å bada i Skogavatnet

Vassprøvar tekne 5. og 6. juli viser viser dårleg vasskvalitet i Skogavatnet. Dette vatnet ligg like ved Sotra Arena på Søre Straume. Kommunen frårår bading i dette vatnet inntil vidare.

Skogavatnet ligg like ved Sotra Arena - Klikk for stort bileteSkogavatnet ligg like ved Sotra Arena.

Prøveresultatet frå sist veke viser 1 860 E.coli-einingar.

Også ein periode tidlegare i sommar vart det frårådd å bada i dette vatnet.

Kommuneoverlege Stein-Inge Stigen seier at som følgje av dei siste prøveresultata tilrår ikkje kommunen at folk badar i Skogavatnet inntil vidare.

- Miljøretta helsevern i Bergen kommune skal gjennomføra nye prøvar i Skogavatnet den 21. juli. Desse vert gjennomførte på ulike stader i vatnet og vert analyserte for både E.Coli og enterokokker. E.coli fører ikkje automatisk til sjukdom, men aukar risikoen for sjukdom, seier Stigen.

Det er hengt opp skilt ved Skogavatnet med informasjon om at det er frårådd å bada i dette vatnet.

I tillegg til Skogavatnet, er det teke prøvar i fleire andre vatn i mai, juni og no i juli. Dette er Kvernavatnet, Skiftedalsvatnet, Bildøystranda, Skjellsanden/Ovågen, Hildalsvatnet, Ormhilleren, Smivågen, Vorlandsvatnet og Smånipatjørna. Her viser prøvane låge E.Coli-verdiar.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: 
Ragnhild Jarlsby, miljøretta helsevern i Bergen kommune