Frårår å bada i Skogavatnet

Ein vassprøve 8. juni viser dårleg vasskvalitet i Skogavatnet like ved Sotra Arena på Søre Straume. Difor frårår kommunen bading i dette vatnet inntil det er teke fleire prøvar.

Skogavatnet ligg like ved Sotra Arena. - Klikk for stort bileteSkogavatnet ligg like ved Sotra Arena.

Prøveresultatet frå sist veke viser nesten 2 500 E.coli-einingar pr. 100 milliliter. 

Kommuneoverlege Stein-Inge Stigen seier at som følgje av dette tilrår ikkje kommunen at folk badar i Skogavatnet inntil vidare.

- Miljøretta helsevern i Bergen kommune skal gjennomføra nye prøvar i dag, fordelt på ulike stader og analyserer desse for både E.Coli og enterokokker. Vi reknar med svar på prøvane i løpet av onsdag. E.coli fører ikkje automatisk til sjukdom, men aukar risikoen for sjukdom, seier Stigen.

Det vert sett opp skilt ved Skogavatnet der det står at kommunen frårår bading inntil vidare.

Les meir om kontroll av kvalitet av badevatn.

Skilt ved Skogavatnet - Klikk for stort bileteSkilt ved Skogavatnet




Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Lars Fjærtoft og Vigleik Brekke