Forviklingar og søt musikk

Det var ingenting å seia på stemninga då 10. klassingane på Øygarden ungdomsskule inviterte til første framsyning av «Mor di» tysdag kveld.
- Eg har tre moglege fedre, og så har eg invitert dei alle til bryllaupet.

Publikum fekk høyra mange ABBA-låtar denne kvelden. - Klikk for stort biletePublikum fekk høyra mange ABBA-låtar denne kvelden.

Dette er litt av den litt fortvila situasjonen Sofie, som snart står som brud, er komen opp i når det nærmar seg bryllaup. Ho er klar for å gifta seg med Kai, men forviklingane er mange i denne historia som utspelar seg på ei gresk øy. 

«Mor di» er den lokale versjonen av Mamma Mia med ei stor mengde ABBA-låtar. Den unge bruden veit ikkje kven som er faren hennar og inviterer like godt tre moglege kandidatar til bryllaupet utan å fortelja dette til mora. 

Krevjande roller

Triana Heggholmen Loftås spelar den krevjande rolla Sofie der no må framføra mange songar og ei rad med replikkar. Då er det godt å ha regissør Alfred Instefjord som sufflør på første benk. 

- Ja, det er mykje å hugsa på, men eg tykkjer det gjekk over all forventning. Eg har utfordra meg sjølv i denne rolla. Det er første gong eg har påtatt meg noko så stort, seier Triana.

- Kva tykkjer du om musikken?

- Dette er fin musikk som passar for alle aldrar. Eg var med i eit kor då eg var liten, men elles syng eg berre litt heime, seier Triana i pausen før ho gjer seg klar til siste del av framsyninga.

Kai og Sofie - Klikk for stort bileteKai (Elias Melås Hellesøy) og Sofie (Triana Heggholmen Loftås).

Tuva Dale Oen hadde rolla Donna, mor til Sofie. Også ho hadde ei krevjande rolle med mange songar og mykje å hugsa på av replikkar.

- Dette har gått veldig bra. Det har vore godt å ha Alfred som sufflør. Eg tykkjer dette er bra musikk med gode tekstar. Eg har alltid likt å syngja og har vore med i Gospel Teens, seier ho.

Donna (Tuva dale Oen) - Klikk for stort bileteDonna (Tuva Dale Oen)

- Forventningane er innfridde

Elevane har brukt dei siste åtte dagane på å øva inn musikalen «Mor di». «Mor di» vert framført kvar kveld fram til og med fredag.

- Hugs at dette er 15-åringar der 90 prosent av dei ikkje har stått på scena på denne måten. Det er viktig at elevane etter å ha stått på scena får lyst til å gå opp igjen, seier han. 

Instefjord meiner at ABBA-musikken appellerer til alle generasjonane.

- Eg opplevde flott stemning. Folk forventar å få noko igjen, og eg må seia at det har dei fått i kveld, seier Alfred Instefjord.

Frå framsyninga - Klikk for stort bilete

Eit arrangement som dette krev mykje. Eit dyktig kor, gode musikantar, dyktige teknikarar og godt med mat og drikke gjorde dette til ein kveld publikum tydelegvis sette pris på.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke