Forlik i forsikringssak etter KOFA-gebyr

Øygarden kommune har inngått forlik med forsikringsselskapet CNA/Hardy og får eit forsikringsoppgjer på 7,8 millionar kroner. Dette utgjer om lag 95 prosent av kravet.

Kommunedirektør Johnny Breivik - Klikk for stort bileteKommunedirektør Johnny Breivik

Bakgrunnen for forliket er at Øygarden kommune i november 2021 og februar 2022 vart ilagt gebyr for brot på regelverket for offentlege anskaffingar. Begge bøtene vart betalte. Kommunen fremja krav om utbetaling av 8 251 133 kroner som forsikringsdekning «offentleg anbodsforsikring» hjå CNA/Hardy.

Forsikringsselskapet meinte at det ikkje var grunnlag for utbetaling, og Øygarden tok ut stemning mot forsikringsselskapet. Forsikringsselskapet gav tilbod om å løysa saka med ei utbetaling på 4,15 millionar kroner. Dette takka kommunen nei til. Etter fleire forhandlingsrundar vart kommunen og CAN/Hardy like før påske samde om ei forsikringsutbetaling på 7,8 millionar kroner. Dersom ikkje partane hadde inngått forlik, ville saka gått for Hordaland tingrett 24. til 27. april.

Godt nøgd

Kommunedirektør Johnny Breivik meiner at Øygarden kommune bør vera godt nøgd med forliksløysinga som er inngått.

- Løysinga inneber ei forsikringsdekning på omlag 95 prosent av det opphavlege kravet. Kommunen slepp også ei rettssak. I arbeidet med førebuinga til rettssaka er det gjort eit godt arbeid frå tidlegare og noverande tilsette i kommunen og advokatane til kommunen. Med dette forliket vert Øygarden kommune sine saker knytt til KOFA-gebyr endeleg avslutta på ein tilfredsstillande måte, seier kommunedirektøren.

Formannskapet får saka på bordet den 19. april. Kommunedirektøren innstiller på at forsikringsoppgjeret vert sett av på disposisjonsfond til dekning av moglege framtidige erstatningssaker.

Saka vert endeleg avgjort av kommunestyret.


Tekst og foto: Vigleik Brekke