Forlengjer arbeidet med Øygardskabelen
Statnett melder at det vert ein mellombels stans i grøftearbeida for Øygardskabelen langs fylkesveg 561. Pausen i arbeidet vil vara i minst seks månader.
Langs fylkesvegen har det vore fleire mellombelse trafikkregulerte innsnevringar.Grunnen til stansen i arbeidet er at Statnett har motteke ein uttale frå Norges vassdrags- og energidirektorat om at nødvendig justering av vassleidningar ikkje er omfatta av konsesjonen som gjeve for prosjektet.
Dette fører igjen til at Statnett må innhenta byggeløyve frå Øygarden kommune etter plan- og bygningslova før arbeida langs fylkesvegen kan starta opp igjen.
Stansen i arbeidet vil påverka etterfølgjande kabelinstallasjon, og ferdigstilling av anlegget vert utsett til hausten 2026.
- Vi seier oss leie for at denne situasjonen har oppstått. Vi vil prøva å redusera ulempene så mykje som mogleg. Entreprenøren Fyllingen Maskin AS går nå i gang med å rydda og sikra anleggsplassane langs fylkesvegen og mellombels tilbakeføra områda så langt det er praktisk mogleg, seier Leif Espen M Kiær, prosjektleiar i Statnett.
Les meir på nettsida til Statnett her.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Beate Hetlevik
Publisert 20.02.2025 15.43