Førebygging av utmarksbrannar

Øygarden brann- og redning har etter søknad fått tildelt 140 tusenkroner som skal gå til tiltak for tilrettelegging av vernebrenning i Øygarden.

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIll.foto

Skjøtsel av kulturlandskapet er et viktig tiltak som reduserer brannenergien i landskapet. Dette minkar risikoen for store ukontrollerte utmarksbrannar.

Midlane skal brukast til å kjøpa inn utstyr og halda kurs i utmarksbrenning for interesserte i kommunen. Ein har håp om å skapa eit miljø der ein kan gå saman for å driva systematisk skjøtsel av landskapet. Kurs og lån av utstyr vil vera gratis for dei som deltar.

Utstyr:

  • minimum seks løvblåsarar
  • 10 lyngpiskarar
  • varslingsskilt
  • drip torch\gasstennarar

Utstyret vert plassert på Ågotnes brannstasjon og er gratis å låna. Vi kjem tilbake til korleis utlån vert administrert. Det er noko midlar att som kan brukast når ein har hausta litt erfaring med behovet.

Kurs:

Det vert arrangert minst to samlingar til hausten der ein gjennomfører opplæring i vernebrenning og bruk av utstyr. Her kjem det eigen invitasjon når dato er sett.

Dersom du har spørsmål eller innspel, kontakt Jan Gaute Fjeldstad Haug i Øygarden brann og redning. E-post: jan.haug@oygarden.kommune.no - mobil: 489 90 747


Tekst og foto: Jan Gaute Fjeldstad Haug