Førebur tenester for evakuerte frå Gaza

Øygarden kommune legg til rette for å gje tilbod om tenester for evakuerte frå Gaza som eventuelt skulle koma til kommunen vår. Så langt er ikkje kommunen kjent med om det er nokon av dei evakuerte som har tilhøyrsle til Øygarden kommune.

Uansett vil kommunen vera førebudd på at det kan koma evakuerte som har bruk for oppfølging av fleire kommunale tenester. Dei fleste evakuerte er norske statsborgarar eller har opphaldsløyve i Noreg og har dermed rett til tenester. 

Det er fastlegen som har øyeblikkeleg hjelp-funksjon på dagtid. Utanom dagtid, kan evakuerte og pårørande ta kontakt med Sotra legevakt på telefon 116117.

Psykososialt kriseteam er i beredskap og førebur seg til å ta imot eventuelt evakuerte som skulle koma til Øygarden. Mange kan oppleva fysiske og psykiske reaksjonar som påverkar livskvaliteten. Difor tilbyr kommunen helsehjelp og oppfølging av andre tenester etter behov. 

Dei evakuerte frå Gaza vert først transporterte til Kairo i Egypt for helseundersøking. Deretter reiser dei med fly til Gardermoen og mottakssenter i Ullensaker kommune. Basert på tilhøyrsle reiser dei til sine respektive kommunar for vidare oppfølging.