Følgjer opp tiltale mot tilsette

Leiinga på Kolltveit skule har i samråd med kommuneleiinga informert foreldra om ei sak som nyleg har vore omtalt i media.

Kolltveit skule - Klikk for stort bileteKolltveit skule Øygarden kommune

I ettermiddag har foreldra fått melding om at saka gjeld to personar som er tilsette som reinhaldarar i kommunen og som no er tiltalte for vald i nære relasjonar.

Dei to som er tiltalte, arbeider ikkje på skulen no. Fornærma har ikkje vore elev på Kolltveit skule.

Kommunen følgjer opp alle involverte i samsvar med lov og avtaleverk. Ettersom det er fremja tiltale og saka er i rettsapparatet, kan ikkje kommunen uttala seg ytterlegare.


Tekst: Vigleik Brekke