Følgjer opp meldingar til barnevernet som ikkje kom fram

Øygarden er ein av dei kommunane i Vestland som ikkje har mottatt meldingar frå politiet.

Anne-Merete Vabø Haugane - Klikk for stort bileteAnne-Merete Vabø Haugane



 

Fungerande kommunedirektør Anne-Merete Vabø Haugane opplyser at det var to meldingar i 2022 og eí melding i 2023 knytt til barnevernet som ikkje kom fram via Altinn slik dei skulle. Ei melding frå 2021 er kome fram til barnevernet via andre kanalar.

- Vi har tatt tak i dette, og politiet har no sendt på nytt dei tre meldingane som ikkje var komne fram. Meldingane blir så følgde opp av barnevernet, seier Vabø Haugane.

I samsvar med intern rutine er avviket også meldt til Datatilsynet.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke