Flyktningar i arbeid på kort varsel

Flyktningane som deltek i introduksjonsprogrammet i Øygarden kommune, har eit breitt spekter av kompetanse, erfaring og personlege eigenskapar. Dette er ressursar som kan vera nyttige for arbeidsplassar i heile kommunen.

Deltakarar CCB Camp - Klikk for stort bilete

Eit godt døme på dette er samarbeidet mellom introduksjonsprogrammet og CCB Camp på Ågotnes. Då CCB i mai 2026 fekk ein kontrakt som førte til at om lag 1 200 fleire arbeidarar kom inn enn ved vanleg drift, fekk driftsleiar ved CCB Camp, Grethe Smedhaug, akutt behov for arbeidskraft. På grunnlag av tidlegare samarbeid tok ho kontakt med programrådgivarane ved Øygarden lærings- og integreringssenter, og fortalde kva dei trong.

– Eg treng folk som kan jobba, og helst starta i morgon, seier Smedhaug.

Blant deltakarane i introduksjonsprogrammet er det stor arbeidsvilje. Programrådgjevarane valde ut ei gruppe som fekk tilbod om gruppeintervju allereie dagen etter. Til saman sju personar vart mellombels tilsette ved CCB Camp. Dei har ulik bakgrunn, mellom anna faglærte kokkar frå Ukraina og ein butikkmedarbeidar frå Kongo. Det dei hadde til felles, var motivasjon for å jobba.

Grethe Smedhaug er svært nøgd med samarbeidet.

– Dei tilsette vi har fått frå introduksjonsprogrammet, viser god arbeidsmoral og gjer ein god jobb for oss. Det var fantastisk at dei kunne stilla opp på så kort varsel, seier ho.

Introduksjonsprogrammet er eit individuelt tilpassa fulltidsprogram for nykomne flyktningar. Målet er å gje deltakarane grunnleggjande ferdigheiter i norsk, innsikt i norsk samfunnsliv og førebuing til arbeid eller utdanning. I mai 2026 har introduksjonsprogrammet i Øygarden kommune 75 deltakarar. Alle desse har ein programrådgivar som kjenner dei godt. Programrådgivarane kan bidra til at overgangen til arbeid går smidig, og dei kan støtta både arbeidsgjevarar og deltakarar i oppstartsfasen.

Fleire deltakarar er klare for arbeid eller ønskjer arbeidspraksis for å få relevant erfaring og byggja nettverk i lokalt arbeidsliv. Kommunen ønskjer difor kontakt med fleire arbeidsgjevarar som kan opna dørene for arbeidspraksis eller jobb:

Deltakarar som er klare for arbeid, eller som treng arbeidserfaring gjennom arbeidspraksis, finn du her: Deltakere - Lærings- og integreringssenter 

Synest du dette høyrest interessant ut? Les meir og finn kontaktinformasjon her: Kan arbeidsplassen din opne dørene til arbeidslivet for ein flyktning? - Øygarden kommune

Programrådgjevarane Vera Molnes, Karin Bøe-Hansen, Izabella Kiriy og Matthew David Simpson.  - Klikk for stort bileteProgramrådgjevarane Vera Molnes, Karin Bøe-Hansen, Izabella Kiriy og Matthew David Simpson.

 

Tekst: Jarand Høynes Lekve