Kan arbeidsplassen din opne dørene til arbeidslivet for ein flyktning?

Øygarden kommune treng fleire arbeidsplassar, praksisplassar og nye samarbeidspartnarar. Ta kontakt med oss så kan vi vere med på å finne nokon som passar inn hos dykk!

Ved å tilby ein praksisplass kan din arbeidsplass:

  • Inspirere til ei karriere og utdanning innan sitt felt
  • Bidra til eit mangfaldig fellesskap på arbeidsplassen og i kommunen
  • Være ein brubyggjar mellom norskopplæringa og yrkeslivet
  • Få moglegheit til å rekruttere nye tilsette

Målet med praksis:

Deltakaren får språk- og arbeidstrening utanfor klasserommet 1-5 dager i veka i en avtalt periode. Dette fører med seg:

  • Kunnskap om og tilknyting til norsk arbeidsliv
  • Arbeidserfaring
  • Moglegheit for å bruke og utvikle språket
  • Ein attest og referanse frå arbeidsplassen

Deltakarane og arbeidsgjevar får oppfølging frå programrådgjevar i praksisperioden.
Deltakarane får introduksjonsstønad frå Øygarden kommune og skal difor ikkje lønnast i praksistida.

Introduksjonsprogrammet

Busette flyktningar deltek i introduksjonsprogrammet. Målet er å koma ut i ordinær jobb eller utdanning.

Dei fleste deltakarane i introduksjonsprogrammet har norskundervisning. I arbeidspraksis får dei praktisert norsk utanfor klasserommet, på same tid som dei får kunnskap om norsk arbeidsliv og kultur. På denne måten vert dei inkluderte i lokalsamfunnet og arbeidslivet.

Ein deltakar i praksis skal følgje ein kollega ein vanleg arbeidsdag.

Ta gjerne kontakt med Flyktningteamet i NAV Øygarden // Avdeling for Integrering og Jobbstøtte for meir informasjon.

Kven er praksiskandidatane og arbeidssøkjarane?

Kandidatane har ulik kulturell, språkleg og fagleg bakgrunn. Dei har også ulik arbeidserfaring frå heimlanda sine.

Felles for alle er at dei har positiv energi, er motiverte for å læra, skaffa seg nettverk og å bidra i samfunnet. Mest av alt ønskjer dei jobb.

Somme deltakarar snakkar godt norsk og andre er nybegynnarar. Tilknyting til arbeidslivet er viktig for språkutviklinga deira. Det er motiverande å praktisera språket på ein norsk arbeidsplass og å få eit nettverk gjennom jobben.

Kontaktpersonar i flyktningteamet