Flettar inn Skogsskiftet i handlingsprogram

Med åtte mot tre røyster (Ap og SV) tilrår plan- og miljøutvalet (PMU) å fletta inn Skogsskiftet som eit høgt prioritert tiltak i handlingsprogrammet til Miljøløftet. PMU går elles inn for prioriteringslista slik det går fram av innstillinga frå kommunedirektøren.

Drøfting i pause. - Klikk for stort bileteFrå drøfting i ein pause.

Innstillinga frå kommunedirektøren innebar ei opplisting av åtte tiltak basert på måloppnåingskriteria til Miljøløftet. I dette forslaget låg ikkje fylkesveg Skogsskiftet og Skogsskiftet sentrum inne på prioriteringslista.

Etter eit lengre gruppemøte i plan- og miljøutvalet torsdag fremja Høgre, Frp, KrF, Sotralista-TVØ og INP følgjande tilråding til kommunestyret:

1. Kommunestyret vedtek at tiltaka i alternativ 2 vert spelt inn til revidering av handlingsprogrammet til Miljøløftet i mars 2024, men med Skogsskiftet FV og sentrum innført som høgt prioritert tiltak.
2. Om Skogsskiftet ikkje når opp i revidert handlingsprogram for miljøløftet, vert kommunestyret å koma attende til sak om mogleg bruk av kommunale investeringsmidlar for realisering av infrastrukturtiltak i Skogsskiftet.  
3. Administrasjonen skal arbeida vidare opp mot fylket i samband med RTP for mogleg finansiering av fv 560 Skogsskiftet.   (RTP: Regional transportplan).

Forslaget fekk åtte røyster. Tilrådinga går altså vidare til formannskapet og kommunestyret.

Øygarden kommune har ei ramme på 440 millionar kroner frå Miljøløftet (byvekstavtalen) over ein 10-årsperiode. Dei prosjekta som konkret ligg inne i alternativ to er kulvert i Idrettsveien (ferdig), Grønamyrvegen, Straume gang/sykkelbru, Straume – Bildøyvegen – Gjertrudvegen mot Varden, Straume snarveg over Straumsfjellet, Straumsundet bru, Bildøyvegen og Ågotnes vest.

Utvalsleiar Børge Haugetun sa ved avslutninga av møtet at det kan koma endringar når kommunestyret endeleg behandlar saka den 22. februar.

Her kan du sjå opptak frå møtet.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland