Fekk besøk av ein verdsmeister

Verdsmeister i skyting, Ole Martin Halvorsen, fekk lunsj med ordføraren og varaordføraren på torsdag.
- Innsats og trening, mellom anna mental trening, er nøkkelord for suksess, seier verdsmeisteren. Han gjekk heilt til topp i VM i skyting tidlegare i august.

Frå venstre; Svein Erik Halvorsen, Åse dale Halvorsen, Ole Martin Halvorsen, Tom Georg Indrevik og Torill Selsvold Nyborg. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Svein Erik Halvorsen, Åse dale Halvorsen, Ole Martin Halvorsen, Tom Georg Indrevik og Torill Selsvold Nyborg.

For eit par veker sidan var det verdsmeisterskap i Baku i Aserbajdsjan. Der tok han gull i 50 meter i rifle ligg for lag og bronse i 50 meter match for lag (stå, kne og ligg). Dei andre på laget var Jon Hermann Hegg og Henrik Larsen.

Ole Martin har tilknyting både til Øygarden Sportskyttarlag og Kisen MSL på Jessheim. Han har flytta til Jessheim for å få optimale treningsforhold saman med dei andre i Kisen. Han arbeider deltid med automasjon og brukar elles tida til trening. Han får også støtte frå Norges Skytterforbund og Olympiatoppen.

- I Kisen er det svært godt treningsmiljø, og det er her toppskyttarane er samla. Eg var ikkje særleg høgt på resultatlistene som junior, men opplever gode resultat no. Skal du oppnå gode resultat må du ta tidlege val og ikkje ta snarvegar, seier Ole Martin Halvorsen som torsdag fekk lunsj saman med ordførar Tom Georg Indrevik og varaordførar Torill Selsvold Nyborg.

Også foreldra til verdsmeisteren, Åse Dale Halvorsen og Svein Erik Halvorsen deltok på lunsjen.

Til neste år er det OL i Paris. Dersom Noreg får utvida kvoten ti to deltakarar i den aktuelle øvinga, er det sjanse for at Svein Erik kan delta i OL.

- Eg har eit realistisk håp om å få delta der, seier Ole Martin.

Les meir på nettsida til Kisen MSL.


Tekst og foto: Vigleik Brekke