Det var i samband med Post Nord-liga-kampen mellom Sotra og Alta at det var offisiell opninga av oppgradert stadion. Sotra vann kampen 2-1.
Både Trond Mohn og Øygarden kommune har bidrege i finansieringa av den oppgraderte kunstgrasbanen. Kommunen har løyvd fire millionar kroner til prosjektet (oppdatert kl. 21.50). Det er bygd vel 400 sitjeplassar i tillegg til areal for ståplassar.
Varaordføraren viste til at for Øygarden kommune er det viktig å sikra frivillig arbeid, gode rammevilkår, slik at dei kan bidra med gode aktivitetstilbod til innbyggjarane våre. Kommunen skal leggja til rette og stimulera til samarbeid, for å utvikla idrettstilbodet i kommunen.
- Stadion Sotra har kome i stand gjennom godt samarbeid, mellom det private og det offentlege. Eg vil gje ein stor takk til Trond Mohn som enno ein gong stiller opp for ungdommen i Øygarden. Med eit så flott og moderne stadion som vi har fått i Øygarden no, trur eg utøvarane her, jenter og gutar, old-boys og old-girls, breidde og topp, kjem til å ha det moro og springa så fort som lynet, og scora som berre det, sa varaordføraren.
Frå venstre; Torill Selsvold Nyborg, dagleg leiar i Sotra Sportsklubb, Dan Christensen, Trond Mohn og styreleiar i sportsklubben, Svein Olav Sørensen.
Ho sa også at mange politikarar i kommunestyret er positive til eit fritidskort som gjer at alle barn i skulealder kan delta i idrett eller andre kulturelle aktivitetar.
- Dette arbeider vi for, og eg håpar vi greier å budsjettera det snart, sa Torill Selsvold Nyborg.
Det er bygd eige mediehus knytt til stadion.