Får 15,4 millionar kroner ekstra i 2023

Regjeringa presenterte torsdag revidert nasjonalbudsjett 2023 og kommuneproposisjonen (kommuneopplegget) for 2024.

Colourbox

Kommunalsjef for finans og økonomi, Anne Erdal, orienterte kommunestyret om hovudlinjene i framlegget. Regjeringa har utsett framlegginga av nytt inntektssystem for kommunane til våren 2024. Det nye inntektssystemet vil dermed få verknad frå 2025.

Regjeringa føreslår å auka rammetilskotet i 2023 til fylkeskommunane og kommunane med 3,2 millionar kroner i revidert budsjett. Kommunane får 2,1 milliardar kroner av desse.

- Ekstramidlane skal dekkja delar av den nye deflatoren (løns- og prisvekst) på 5,2 prosent. For vår del trur vi prisstigninga vert høgare enn 5,2 prosent. Delar av dette må dekkjast gjennom auka skatteinntekter. Øygarden vil få 15,4 millionar kroner i auka rammetilskot, og dette vil dekkja litt meir enn lønsauken som vi har berekna til 12 millionar kroner for 2023, sa Erdal.

I framlegget til kommuneproposisjon er det forventa ein vekst i dei frie inntektene (rammetilskot og skatteinntekter) på 5,6 til 5,9 milliardar kroner i 2024. 4,4 til 4,7 milliardar kroner av desse midlane går til kommunane for å dekkja løns og prisauke.


Tekst: Vigleik Brekke