Evaluerer drifta i Helse og velferd

Tilsette i Helse og velferd var torsdag denne veka samla til arbeidsverkstad der temaet var evaluering av drifta.

Seniorrådgjevar i PwC, Peder Heggda framfor forsamlinga. - Klikk for stort bileteSeniorrådgjevar i PwC, Peder Heggdal


PwC har fått oppdraget med å kartleggja drifta i kommunalsjefområdet og koma med forslag til organisering av framtidig drift av helse- og velferdsområdet.

- Oppdraget vårt er å sjå på måten Helse og velferd vert drive i dag og sjå dette opp mot forventninga til helse- og velferdstenestene i framtida, seier seniorrådgjevar Peder Heggdal.

PwC har innhenta talmateriale frå drifta i dag og vore på synfaring på fleire av tenestestadene i Øygarden kommune. Det er gjennomført 15 intervju med einingsleiarar, avdelingsleiarar, tillitsvalde, vernetenesta og brukarrepresentantar.

Frå samliga på torsdag. - Klikk for stort bileteFrå samliga på torsdag.

På torsdag vart det gjennomført ei heildagssamling der deltakarane drøfta det som er kartlagt så langt.

- Bemanning er ei hovudutfordring, og vi stiller spørsmålet om korleis vi skal behalda og rekruttera personell i framtida. Vi skal laga ein rapport om vårt syn på korleis Øygarden kommune driv tenestene i dag og kva vi tilrår kommunen skal gjera for å møta framtidas helse- og velferdsbehov, seier Heggdal.

Han viser til viser til at dette er kostbare tenester. Bakteppet er at det i tida som kjem vert stadig fleire som har behov for tenester innan helse og velferd utan at talet på tilsette aukar tilsvarande. 

Rapporten frå PwC vert etter planen levert til kommunen i løpet av året. 

Godt nøgd med samlinga

Deltakarane på samlinga på torsdag var einingsleiarar, avdelingsleiarar, hovudtillitsvalde/hovudverneombod og stab. 

Kommunalsjef for Helse og velferd, Line Barmen, er svært godt nøgd med samlinga.

- PwC la fram eit kunnskapsgrunnlag som viser dei store utfordringane vi får innan sektoren dei komande åra på ein balansert og forståeleg måte. Deltakarane arbeidde godt med utfordringsbiletet og kva som skal til for å lukkast med å møta framtida på ein god måte, seier kommunalsjefen.

Line Barmen har stor tru på at rapporten vil stadfesta eit utfordringsbilete kommunen er kjend med, men at rapporten også vil gje kommunen gode vurderingar og konkrete råd om tiltak for å dempa veksten i utgiftene.


Tekst og bilete: Vigleik Brekke