Er Øygarden ein næringsvennleg kommune?

- Vi veit er det er ulike oppfatningar i næringslivet i kva grad Øygarden kommune kan seiast å vera ein næringsvennleg kommune. Det seier ordførar Tom Georg Indrevik når det no vert gjennomført ei undersøking om dette temaet.

Det er stort engasjement for å utvikla eit godt samarbeid mellom kommunen og næringslivet. Frå venste; kommunedirektør Johnny Breivik, kommunalsjef for Kultur og samfunn Silje Haukedal, dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling KF Hanne Misje Lokøy, einingsleiar for plan, geodata og oppmåling Hanna Gjesdal, byggesaksleiar Reidun Våge Danielsen og dagleg leiar i Vest Næringsråd, Kari-Anne Landro. - Klikk for stort bileteDet er stort engasjement for å utvikla eit godt samarbeid mellom kommunen og næringslivet. Frå venste; kommunedirektør Johnny Breivik, kommunalsjef for Kultur og samfunn Silje Haukedal, dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling KF Hanne Misje Lokøy, einingsleiar for plan, geodata og oppmåling Hanna Gjesdal, byggesaksleiar Reidun Våge Danielsen og dagleg leiar i Vest Næringsråd, Kari-Anne Landro.

 Øygarden næringsutvikling KF har løyvd pengar til undersøkinga. Gjennomføringa og oppfølginga vert gjort i samarbeid med Kultur og samfunn i Øygarden kommune.

Ordføraren er tydeleg på at det er nødvendig å dokumentera så langt det let seg gjera korleis næringslivet opplever kommunen.

- Då får vi eit grunnlag for å gjennomføra tiltak som kan bidra til å gje ein endå betre dialog og samarbeid mellom næringslivet og kommunen. På denne måten kan vi skapa eit godt omdøme som både bidreg til å utvikla samarbeidet med eksisterande næringsliv og skapa interesse for at nye næringslivsaktørar etablerer seg i kommunen vår, seier Tom Georg Indrevik som oppmodar alle som driv med næringsverksemd i Øygarden om å delta i undersøkinga.

Ærlege tilbakemeldingar

Det skal nyttast uavhengige konsulentar til å analysera svara som kjem inn. Dei vert også med i  oppfølgingsarbeidet saman med næringslivet, politikarane og kommunen.

Dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling, Hanne Lokøy Misje, oppmodar næringsaktørane til å gje ærlege svar om korleis dei opplever Øygarden kommune. Også politikarar og tilsette i ulike avdelingar i kommunen har fått tilsendt skjema og er oppmoda om å delta i undersøkinga. For å få eit breitt og godt datagrunnlag å arbeida vidare med, er det like viktig at desse to gruppene svarar på undersøkinga.

- Det skal utarbeidast ein sluttrapport som både viser svara på undersøkinga og kva som kan gjerast for å betra samarbeidet med næringslivet framover. Når vi går gjennom svara i undersøkinga, vil vi heilt sikkert finna fleire område vi kan forbetra oss på. Den utfordringa tek vi, seier ho.

I mars 2022 vedtok Øygarden kommune samfunnsdelen til kommuneplanen. Utvikling av eit kompetent, innovativt og produktivt samfunn er eit sentralt tema i planen.

- Dette må vi gjennomføra i eit tett samarbeid med næringslivet. Denne undersøkinga vil hjelpa oss til å få dette til. Desto fleire som deltek i undersøkinga, desto betre grunnlag får for å følgja opp med gode tiltak, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Les meir på nettsida til Vest Næringsråd.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland