Endring nr. 1 av reguleringsplan for gnr. 45, bnr. 1 og 12 – Hammersland nord

Øygarden kommune har med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd gjort vedtak om endring etter forenkla prosess av reguleringsplan for gnr. 45, bnr. 1 og 12 – Hammersland nord.

Vedtaksdato: 28.04.2025
Kunngjeringsdato: 09.05.2025
Saksnummer: 22/2359
Arealplan-ID: 124520080003
Status: Godkjent plan
Gardsnamn: Hammersland

Kort om planen og endringa

Planområdet ligg om lag 1 km sør for kommunedelsenteret Skogsskiftet. Området er i dag ikkje bygd ut, men det er gjort arbeid med utbetring av tilkomstveg og kryss ut frå planområdet til fylkesveg 560.

Gjennom endringa er felta som var flateregulerert(BKS2-BKS5) i gjeldande plan blitt detaljert, og vegar har blitt justert. Felta er detaljert innanfor dei rammene som gjaldt for flatereguleringa, slik at talet på bustadar vert ikkje endra. Totalt vert det regulert for utbygging av 106 bustader. Resterande 14 bustader vert ikkje regulert, då felt BK1 i gjeldande plan ikkje er ei del av endringa. Det er frå kommunen si side vurdert at det ikkje er behov for barnehage i området, slik at areal regulert til dette føremålet er endra til blågrøn struktur. Tilsvarande tek ein ut vegforbinding mot nord, då det er uklart om det vil bli utbygging i nord.

Det er også gitt ny planID (20240005) til endringa som synleggjer at planen er oppdatert, og plannamnet vert endra til «Detaljreguleringsplan for gnr. 145, bnr. 1 og 12 – Hammersland nord", slik at det vert nytta riktig gnr.

Dokument i saka

Klage

Eventuelle klagar kan bli sendt inn via:

Vi ber om at De ved all kontakt med oss gjev opp saka sitt referansenr. 22/2359.

Klagefrist er 30.05.2025