Eldrerådet stiller med open mikrofon

Frå og med neste møte, 30. mai, startar møta i eldrerådet med open halvtime.
- Vi håpar at denne nyskapinga vil verta ein god lyttepost for rådet, seier leiar Egil Haaland.

Leiar i eldrerådet, Egil Haaland, inviterer til open mikrofon på møta i eldrerådet. - Klikk for stort bileteLeiar i eldrerådet, Egil Haaland, inviterer til open mikrofon på møta i rådet.

Eldrerådet er eitt av tre råd i Øygarden kommune. Dei andre råda er ungdomsrådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Formålet til eldrerådet å sikra at synspunkt frå eldre vert tekne omsyn til i kommunale avgjerder. Les meir om eldrerådet her.

Egil Haaland seier at rådet skal vera eit talerøyr for dei eldre. Han understrekar at open halvtime skal vera eit lågterskeltilbod der det ikkje er formelle krav eller forventningar om ferdigskrivne manus på førehand.

- Vi ønskjer ikkje å lukka oss inne. Når det gjeld den opne halvtimen er det ikkje krav om at du som innbyggjar må ta kontakt med oss på førehand, men det er ein fordel. Det er også mogleg å senda inn spørsmål på førehand. Du kan ta ordet i open halvtime som enkeltperson eller på vegner av ein organisasjon, seier leiaren av rådet.

- Kva ser du for deg er aktuelt at innbyggjarane kan ta opp i open halvtime?

- Det kan til dømes handla om helse, sosiale forhold, tilrettelegging for bustader, plansaker eller transport. Eit viktig satsingsområde for eldrerådet er tiltak retta mot einsemd. Vi kan naturlegvis ikkje ta opp saker som handlar om enkeltpersonar. Det er ein fordel om det som vert teke opp i denne lytteposten, har allmenn interesse, seier Egil Haaland. 

Ta gjerne kontakt om du ønskjer å ta ordet i den opne halvtimen:

•    Egil Haaland, tlf. 92 89 64 77, egilhaaland75@gmail.com
•    Kjell Andersland, Kjell.Andersland@oygarden.kommune.no


Tekst og foto: Vigleik Brekke