Eldrerådet ber om oppfølging av gjennomføringsplan

Eldrerådet drøfta på møtet torsdag denne veka budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028. I innspelet minner rådet om at kommunen har ei aukande eldre befolkning som har behov for fleire kommunale tenester i sluttfasen av livet.

frå møtet i eldrerådet torsdag - Klikk for stort bileteFrå møtet i eldrerådet torsdag.

I innspelet vert det vist til at dette er det forsøkt tatt høgde for i gjennomføringsplanen for framtidige helse- og velferdsteneste vedteke av kommunestyret i 2021,  men at fleire av prosjekta er ikkje starta opp og fleire er utsette på ubestemt tid.

I opplistinga av innspel vert det mellom anna bedt om ein snarast fullfører mogeleg heildøgns omsorgsplassar som er planlagt ved Straume bu- og servicesenter og å starta opp prosjekteringa av eit nytt byggjetrinn på Øygarden lokalmedisinske senter på Straume for å kunna ta hand om behovet for rehabilitering og korttidsopphald på eit lokalsjukehus. Andre innspel er å sjå på om det er mogleg å etablera sjukepleiarutdanning lokalt i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen. 

Eldrerådet viser også til at transporttenester i mange tilfelle er avgjerande for dei eldre når det gjeld sosial omgang og at det er nødvendig med gode skyssordningar. Det bør også leggjast til rette for at matobæring vert eit reelt tilbod til alle i kommunen som ikkje sjølv kan sikra eige innkjøp.

Her kan du lesa heile innspelet frå eldrerådet til budsjettet og økonomiplanen. (PDF, 59 kB)

Transportteneste og matombering

Eldrerådet slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren i saka om status for matombering. Det vert arbeidd med å sikra eit godt organisert frivillig transportteneste for seniorar til ulike aktivitetstilbod i alle deler av kommunen, der ein kombinerer  middag/måltid og sosialt fellesskap. Med bakgrunn i erfaring ein får hausten 2024 knytt til etablering av ny frivillig transportordning i regi av TREFF+, vil ein utvida tilbodet til å gjelda heile kommunen.

Det vert etablert ei frivillig ordning med «middagsvenn», der frivillige reiser heim til dei som ønskjer ei slik teneste og får kostnadsdekning for transporten.

Eldrerådet slutta seg til eit tilleggspunkt frå leiar Egil Haaland om at kommunen må leggja til rette for at matombering vert eit reelt tilbod til alle i kommunen som ikkje sjølv kan sikra eige innkjøp. 

Orientering

Plan og analyse gav informasjon om arbeidet med arealdelen til kommuneplanen 2027-2039. Det vart mellom anna gjeve oppsummering av medverknadsmøta våren 2024. 
I perioden 24. september til 1. oktober vert det arrangert arbeids- og informasjonsmøte på kommunedelsentera på Ågotnes, Rong og Skogsskiftet. Les meir her.


Tekst og foto: Vigleik Brekke