Egil Haaland vald som leiar av eldrerådet

Eldrerådet valde Egil Haaland som leiar og Berit Anita Knudtsen Larsen som nestleiar på møtet i rådet på torsdag. Val av leiar og nestleiar vart gjort samrøystes (akklamasjon).

Eldrerådet 2023-2027. Frå venstre; Jan Utkilen, Kjell Alvheim, Gunn Glimsdal, Egil Haaland, Berit Anita Knudtsen Larsen, Karin Bjærum, Elna Nybakk, Kari Johnsen og Johnny Eide. - Klikk for stort bileteEldrerådet 2023-2027. Frå venstre; Jan Utkilen, Kjell Alvheim, Gunn Glimsdal, Egil Haaland, Berit Anita Knudtsen Larsen, Karin Bjærum, Elna Nybakk, Kari Johnsen og Johnny Eide. Karin Bjærum møtte som vararepresentant for Linda Hellesund.

På det første møtet til det nyvalde eldrerådet vart det mellom anna gjeve tilråding til reglement for eldrerådet. Eldrerådet tilrår reglementet slik det ligg føre med nokre endringar.

Etter framlegg frå Egil Haaland vart det tilrådd å endra punkt 1 i vedtektene der det i tilrådinga heiter at seks av medlemene skal veljast etter forslag frå organisasjonar som representerer eldre og at dei tre andre skal vera politiske representantar. Eldrerådet ønskjer ikkje at det skal presiserast i reglementet at dei tre skal vera politiske representantar og tilrår i staden at «kommunestyret vel dei tre andre på fritt grunnlag». 

Haaland fekk også tilslutnad til eit tillegg i punkt to knytt til møte- og talerett i politiske organ i kommunen. Eldrerådet tilrår ei tilleggsformulering slik: «Rådet kontaktar møteleiar for aktuelt utval der eldrerådet ønskjer å uttala seg».
 

Berit Anita Knudtsen Larsen fekk tilslutnad til å tilrå eit tillegg under punkt to (verkeområde) om å lista opp oppgåver til eldrerådet slik det var gjort i reglementet for eldrerådet i sist kommunevalperiode. Det som eldrerådet dermed tilrår skal listast opp i reglementet for denne kommunevalperioden er at eldrerådet bør ha særleg fokus på årsbudsjett og økonomiplanar, plansaker, blant anna lokaliseringspolitikk, byutvikling, nærmiljøutvikling, transport og tilgjenge, bustadutbygging og reguleringssaker, helse-, pleie og omsorg, inklusive folkehelse og førebyggjande tiltak, kultur, idrett og friluftsliv, frivilligheitspolitikk, tilsynssaker, digitalisering, medverknad og eldre som ressurs, årsmeldingar og rapportar frå etatar innan saksområde som gjeld eldre og andre aktuelle saker.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Frå møtet 25. januar - Klikk for stort bileteFrå møtet 25. januar

Forskrift om elsparkesyklar 

Eldrerådet støttar framlegget om ei ramme på 325 elsparkesyklar i Øygarden. I tilrådinga til forskrift om utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn er maksgrensa for syklar i dei ulike sonene fordelt slik:

  • Straume-området    200 syklar
  • Rong-området  35 syklar
  • Ågotnes-området 50 syklar
  • Skogsskiftet-området  40 syklar


Det er føreslått å gje løyve på inntil to tilbydarar i inntil tre år. Tal og plassering kan vurderast på nytt etter ein prøveperiode på tre månader.

Saka skulle etter planen behandlast i kommunestyret den 20. desember. Men det vart då vedteke å senda saka tilbake til administrasjonen slik at råda (eldrerådet, ungdomsrådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne) skulle få gje uttale i saka.

Saka om forskrift går til endeleg behandling i kommunestyret.

Innspel til planstrategi for Øygarden kommune 2024-2027

Det er utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag som gjer greie for utviklingstrekk, utfordringar og moglegheiter i Øygarden kommune. Kunnskapsgrunnlaget utgjer også folkehelseoversikta til kommunen. Råda er no inviterte til å koma med innspel til planstrategien.
Eldrerådet sine innspel er at god nok transport og busstilbod er særs viktig for at eldre skal koma seg ut og til aktivitetar. Dette og nok møteplassar er med på å hindra einsemd. Det bør også vera tilbod i lokalmiljøa til eldre, og ein må bygga trygge nærmiljø, jamfør den nye reforma “Bu trygt heime".

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke