- Eg er vaksen opp med å ta litt risiko

Den jordnære bedriftsleiaren Nils-Arne Lie fann ut at det måtte kalkulert risiko til for å lukkast med solcellebedrifta Solcellekraft. Selskapet er av Dagens Næringsliv nyleg kåra som Årets gasellebedrift i Noreg.

Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Nils-Arne Lie og Anita Garlid Johannessen - Klikk for stort bileteFrå venstre; Tom Georg Indrevik, Nils-Arne Lie og Anita Garlid Johannessen

På torsdag var han på lunsjbesøk til ordførar Tom Georg Indrevik og varaordførar Anita Garlid Johannessen. 

Solcellekraft starta opp i lokala i Straume Næringspark på Søre Straume i 2018. Pila gjekk oppover, og år seinare er 15 montørar og 20 i administrasjonen i full sving med å driva selskapet. For å ta unna for stor etterspurnad etter produkta, har selskapet i tillegg engasjert 50 personar i eksterne bedrifter.

Selskapet hadde ein omsetnad i 2023 på om lag 250 millionar kroner. I 2023 vart Solcellekraft kjøpt opp av den store irske energiaktøren DCC. 

- For sju åtte år sidan vart eg oppteken av korleis vi kan utvikla eit konsept basert på berekraftsmåla. Eg la til grunn at straumprisane ville auka. Med hjelp av gode folk til å kalkulera, landa vi på montering og levering av solcelleanlegg. Vi måtte vera villig til å ta litt risiko, seier dagleg leiar for selskapet, Nils-Arne Lie.

Selskapet kjøper om lag 90 prosent av solcellepanela frå Kina og monterer og leverer anlegga til både bedriftskundar og private kundar. 

- Marknaden er stor for dette, men konkurransen er hard med mange aktørar. Eg håpar at styresmaktene legg til rette for at folk opplever investering i solceller er god økonomi. Eit mogleg tiltak kan vera å gje ei form for momsfritak til private kundar som investerer i dette, seier Lie.

Ordførar Tom Georg Indrevik er imponert over det selskapet på Søre Straume har fått til.

- Dette er framtida. Vi må bruka meir rein energi framover. Folk forstår nok ikkje kort stort det er å nå opp i denne ligaen, seier ordføraren med tanke på at Solcellekraft gjekk heilt til topps i den siste kåringa av Årets gasellebedrift.


Tekst og foto: Vigleik  Brekke