På Straume bu- og servicesenter talte Kjell-Asle Børnes, medan Solveig Konstanse Algrøy var pianist og framførte Julekveldsvise som solosong.Ordførar Tom Georg Indrevik følgde prest Kjell-Asle Børnes også til to samlingar på Fjell sjukeheim og på Øygarden lokalmedisinske senter. På Tednebakkane omsorgssenter var politikar Børge Haugetun saman med prost Jan Tommy Fosse.
Prost Jan Tommy Fosse lyser velsigninga for dei frammøtte på Tednebakkane omsorgssenter.Prest Kjell-Asle Børnes las juleevangeliet og starta helsinga med å visa til alle dei flote julekonsertane no før jul.
- Sjølv om desse konsertane er fine, kan dei ikkje måla seg med den første julekonserten, englekoret som møtte gjetarane der dei song «Ære være Gud i det høgste». Han kom til oss her i det låge her vi er. Gud har sett opp teltet sitt blant oss, sa han.
Ordførar Tom Georg Indrevik.Han gjekk også tilbake til det gamle testamentet der det vart profetert om Immanuel som betyr Gud saman med oss.
- Juleevangeliet handlar om at vi aldri er åleine, Han er framfor oss, bak oss og ved sida av oss. Han gjev håp for tid og ære. Brua er godt festa på begge sider, i himmelen og på jorda. Det er skapt forbindelse med vår Gud i himmelen. Det er ikkje brupengar. Gud har betalt for det alt saman, avslutta presten.
Solveig Konstanse AlgrøyOrdførar Tom Georg Indrevik sa at det er noko konstant med jul. Det er kyrkja og det presten las, juleevangeliet.
- Juleevangeliet er det same som då eg var liten. Eg vil også understreka at vi har grunn til å vera takksame. Eg er heldig som har fått vera ordførar her i fem år. Kommunen er oss alle. Tilsette skapar tenestene i kommunen, og eg er utruleg takknemleg for dei som er på jobb i julehelga. Eg ønskjer dykk alle ei riktig god jul, sa ordføraren før det heile kunne avsluttast med velsigninga og Deilig er jorden.
På Tednebakkane omsorgssenter las Børge Haugetun juleevangeliet og helste frå kommunen. Han sa at det er ein viktig tradisjon at kyrkja kan koma ut til dei som feirar jul på denne måten. Han takka alle tilsette som er på jobb i julehelga og minna om at vi skal få feira jul i fred i ei uroleg verd. Det var tale ved prost Jan Tommy Fosse og song og musikk ved organist Øystein Steinsland.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Børge Haugetun og Vigleik Brekke