Drøfta landskapsanalyse og møtte Statsforvaltaren

Kommuneplanutvalet hadde landskapsanalyse for Øygarden kommune og rolla til Statsforvaltaren som tema på møtet denne veka. 
- Vi ønskjer god dialog med kommunen, sa seksjonsleiar i kommunalavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland, Egil Hauge.

Pauseprat. Frå venstre; Kjersti Vevatne (Asplan Viak), Svein Otto Jacobsen (leiar kommuneplanutvalet), Lisbeth Selstø (areal- og samfunnsplan) og Karen Holst (Asplan Viak). - Klikk for stort biletePauseprat. Frå venstre; Kjersti Vevatne (Asplan Viak), Svein Otto Jacobsen (leiar kommuneplanutvalet), Lisbeth Selstø (areal- og samfunnsplan) og Karen Holst (Asplan Viak).

Landsbruksarkitekt Karen Holst og arkeolog Kjersti Vevatne frå Asplan Viak orienterte om ein fersk rapport som inneheld ein landskapsanalyse for heile Øygarden kommune. Formålet med analysen er at han skal vera eit kunnskapsgrunnlag for langsiktig bruk og vern av areal i kommunen. Analysen skal vera eit grunnlag for rulleringa av arealdelen til kommuneplanen. 

Landskapet i kommunen er delt inn i 45 delområde.

- Funnet frå landskapsdelen i analysen viser at landskapet her ute er svært variert. De manglar ingenting her ute. Det er stor forskjell på landskapet heilt mot vest med den låge ytterkysten og til dømes innsida mot fjordlandskapet i aust der landskapet er høgare og meir bygt ut. Hovudnaturtypen her ute er kystlynghei, sa Karen Holt.

Kulturmiljødelen varierer mellom steinalderlandskap, torvmyrer, lyngheier, beitemark, byder, næring og okkupasjonsåra (Telavåg, Fjell festning, fangeleir og nordsjøfarten).

Arkeolog Kjersti Vevatne sa at landskapet her ute gjev grunnlag for reiseliv og opplevingar, ja faktisk i verdsklasse.

- Attraksjonskrafta er knytt til natur, landskap, historie og møte med menneske og lokalsamfunn. Det er eit særprega område som er godt å bu i og som er eit område ein gjerne vil reisa til som besøkande. Det er viktig at utvikling av næringa og reiselivsprodukt er berekraftig, sa Vevatne. 

Her kan du lesa rapporten.   

Statsforvaltaren arbeider med mykje…

Frå Statsforvaltaren møtte seksjonsleiar Egil Hauge og seniorrådgjevar Helle Holte Bruland. 

Egil Hauge, Statsforvaltaren - Klikk for stort bileteEgil Hauge, Statsforvaltaren

Hauge understreka at planprosessar skjer i samspel mellom stat og kommune. Han sa at det er utfordringar, moglegheiter og eit ansvar å vera ein stor kommune som Øygarden. Statsforvaltaren har oppgåver innan klima og miljø, verneforvaltning, samfunnstryggleik og beredskap, landbruk, verjemål, bustadsosialt ansvar, kongebesøk, kommuneøkonomi, utdanning/barnehage og planar/byggesaker.

Statsforvaltaren skal mellom anna halda sentrale styresmakter orienterte om viktige saker i fylket og formidla informasjon til kommunen.

- Men vi er ikkje planstyresmakt. Dette ligg i all hovudsak til kommunane, og fylkeskommunen har ei regional planstyresmakt. Utfordringane i arbeidet med arealdelen i kommuneplanane er berekraftsmåla, den sosiale berekrafta og natur- og miljøkrisa. Gjennom god areal- og samfunnsplanlegging innanfor nasjonal og regional politikk, kan ein sjølv styra utviklinga, sa han.

Statsforvaltaren skal syta for at nasjonale interesser som jordvern, naturmangfald, strandsone, samfunnstryggleik, barn og unge, vert tekne omsyn til. Statsforvaltaren skal vidare samordna statlege motsegner og eventuelt mekla i motsegner. Statsforvaltaren kan også klaga på enkeltvedtak. 

Hauge opplyste at ein vurderer forenkling av dispensasjonssaker. Uansett er vilkåra for å få dispensasjon strenge. Statsforvaltaren behandlar om lag to tusen dispensasjonsvedtak årleg frå i Vestland fylke.

- Kva betyr det for berekrafta for dei neste 10 åra om det vert fatta 20 tusen dispensasjonar frå vedtekne juridisk bindande planar, spurte Hauge og understreka at Statsforvaltaren ønskjer at kommunane skal gjera gode vurderingar i kvar enkelt sak.

Tema i spørsmålsrunden var mellom anna handlingsrom, arealrekneskap, 100-meterbelte, motsegn, massehandtering og konsekvensar for framtidige arealplanar.


Tekst og foto: Vigleik Brekke