Direktemeldingar med helsepersonell
Mange har gode erfaringar med helsenorge-sidene i kontakt med fastlege, sjukehus eller under pandemien då systemet blei brukt til timebestillingar/testsvar. Kommunen opnar no for at tenestemottakarar kan senda og få meldingar direkte via same plattform. Tenesta er meint som eit tillegg til vanleg dialog og kan nyttast av dei som ønskjer det. Dersom pårørande har fått fullmakt, vil og dei kunna sjå denne informasjonen, og kommunisera med helsetenesta.
Aukar tilbodet gradvis
Tilbodet vert innført til følgjande tenester
- 15. september 2023: Tenester innan avlastingsbustader, menneske med nedsett funksjonsevne, psykisk helse og rus
- Haust 23: Sjukeheimar
- Vår 24: Heimetenesta
Slik gjer du det
Meldingstenesta vert ikke tilgjengelig for deg før du har fått ei tekstmelding frå helsenorge.no. For å logga inn på helsenorge.no kan du bruka BankID, Buypass ID eller Commfides e-ID. Innlogginga har tryggleiksnivå 4, og det er dermed mogleg å utveksla personfølsam informasjon. Pårørende kan få tilgang til meldingstenesta, dersom du gjev fullmakt på HelseNorge.no
Har du spørsmål om bruk av løysinga, kan du ringa "Rettleiing for helsenorge.no" på 23 32 70 00.
Ønsker du å gje pårørande fullmakt? Les meir her
Du kan lesa meir om tenesta DigiHelse på KS sine nettsider
Slik loggar du på helsenorge.no
Slik skriv du melding på helsenorge.no