Digihelse – No kan du kommunisera digitalt med heimetenesta og sjukeheim/institusjon
Har du tenkt på at det kunne vore fint å kommunisera digitalt med helsepersonell i Øygarden kommune? No det mogleg også for innbyggarar med heimetenester og opphald på sjukeheim.
Direktemeldingar med helsepersonell
Mange har gode erfaringar med helsenorge-sidene i kontakt med fastlege, sjukehus eller under pandemien. Stadig fleire tenestemottakarar kan senda og få meldingar direkte, kommunen har tidlegare etablert tilbodet for tenester innan avlastingsbustader, menneske med nedsett funksjonsevne, psykisk helse og rus samt helstasjonsverksemd.
Via Helsenorge kan du og pårørande kommunisera ved å
- senda og få meldingar frå tenesta
- se avtaler om heimebesøk og avbestilla besøk
- få varsel om utførte heimebesøk på tekstmelding eller e-post
Tenesta er meint som eit tillegg til vanleg dialog og kan nyttast av dei som ønskjer det. Dersom pårørande har fått fullmakt, vil dei kunna sjå same informasjon og kommunisera med helsetenesta. Alle meldingar blir behandla innan neste dag (måndag til fredag).
Slik gjer du det
For å nytta tenesta må du ta i bruk helsenorge.no. Du må altså logge deg inn på helsenorge.no, om du ikkje har gjort dette tidlegare. Fyrste gang du loggar deg inn på helsenorge.no blir du bede om å akseptera bruksvilkåra og gje samtykke til å kommunisera med dine helsekontaktar. Pårørende kan og få tilgang til meldingstenesta, dersom du gjev fullmakt på HelseNorge.no.
Har du spørsmål om bruk av løysinga, kan du ringa "Rettleiing for helsenorge.no" på 23 32 70 00.
Les meir her om du ønsker å gje pårørande fullmakt
Du kan lesa meir om tenesta DigiHelse på KS sine nettsider.
Slik loggar du på helsenorge.no
Slik skriv du melding på helsenorge.no
Sist endra 23.09.2024 09.55