- Dette likar eg

Vira Leschinska er ein av seks fordrivne frå Ukraina som 1. september starta i eit jobbprosjekt på Fjell sjukeheim og Straume bu- og servicesenter. Ho er klar på at ho likar seg i jobben som assistent. Sjå video lengre nede i artikkelen.

Vira Leschinska arbeider på Fjell sjukeheim. - Klikk for stort bileteVira Leschinska arbeider på Fjell sjukeheim.

Assistentane er godt vaksne på 55 + og har oppgåver der det ikkje er nødvendig med helsefagleg utdanning. I tillegg får dei tre timar arbeidstilpassa norskopplæring på Øygarden vaksenopplæring. Etter seks månader er dei kandidatar for ordinær tilsetjing.    

- Eg dekkar bordet, serverer mat, vaskar opp, måler blodsukker og andre oppgåver, seier Vira som jobbar på Fjell sjukeheim.

Også på Straume bu- og servicesenter er tre assistentar i full sving. 

- Vi har så langt opplevd dette som positivt. Eg har berre fått gode tilbakemeldingar. Dette har vore veldig kjekt for oss og bebuarane, seier avdelingsleiar Helen Ågotnes. 

Norsk har mange dialektar

Nataliia Cheffa er assistent på Straume bu- og servicesenter.

- Eg likar jobben min, og eg likar å hjelpa andre folk, seier ho.

Korleis er det å læra norsk?

- Det er vanskeleg. Norsk har mange dialektar, men eg vil gjerne læra dette språket, seier Nataliia.
Avdelingsleiar på Øygarden vaksenopplæring, Ragnhild Hereide Breivik, seier at assistentane opplever god trivsel.

- Det å kunna bruka språket kvar dag, lytta og så ta det med seg tilbake til undervisninga er svært nyttig, seier ho.